Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Lindesnes fyr utstilling

By Janne | July 26, 2013

Sommaren 2013 har eg ein solo-utstilling ved Lindesnes fyr. Om du er i nærleiken, er du hjarteleg velkommen innom på besøk! Lindesnes er ein sjaldant nydeleg stad, der ein verkeleg kjenner roen senkar seg i sjela ute på svabergs. Iallefall i fint ver 😉 Men det er fasinerande flott når det er storm og! Uansett. Om du ikkje har mulighet til å stikka innom Lindesnes før den 13. oktober, her er ein liten virtuell tur:

Sjølve utstillinga er i fjellhallen. Deler av museet er skoren ut inn i fjellet, derav namnet. I dette rommet er likevel veggane i lys betong. Fyrst, eit overblikk over veggane:

_MG_0181

Du kjenner kanskje att nokre av bileta frå Mostraspelsutstilliga, men omlag halvparten av bileta er nylaga, spesielt til Lindesnes-utstillinga.

_MG_0180

Denne veggen er ein liten forsmak på neste sommars utstilling eg skal ha her. Ei stor tema-utstilling, som eg fortel litt meir om lenger ned på sida.

_MG_0182

Eg var litt redd for at det ikkje var nok bilete, men sanneleg fylte me veggane! 🙂

_MG_0183

På den siste veggen er ein liten kavalkade over fyrtårn.

_MG_0176

Rett utanfor utstillingsrommet, hang eg endå nokre bilete, for å visa vegen inn. Bilete over er frå mitt lokal-fyr: Slåtterøy, Bømlo.

_MG_0178

Som eg nemnde, neste sommar skal eg ha ei tematisk utstilling her på Lindesnes, inspirert av kvinner og barn: Familieliv på fyr. Eg har alt byrja å arbeide med denne, og nokre av bileta var med no i sommar, som ein liten forsmak på 2014.

Mange fyrvoktarar hadde familiane med seg. O eg har jobba visuelt med tankar om korleis livet arta seg for desse kvinnene og borna som i lange periodar levde såpass isolert ute på fyra.

Måkeiviltsaus

“Måse i viltsaus”, 40×50 cm

Eg trur dei må ha vore sterke karakterar, både sjølv-hjupne og kreative. Bileta nedanfor er av ei kone på veg heim etter å ha fanga dagens middag! Dette bilete syns eg faktisk seier meir enn 1000 ord! 🙂

Sofie

“Måse til middags”, 60×80 cm

Dei fleste dagane var vanlege arbeidsdagar. Men det var jo søndagar og, då ein reiste til fastlandet og gjekk i kyrkja.

SalmeSøndagpåSokkeleisten

“Salmesøndag på sokkeleisten”, 60×80 cm

Eg nemnde å vera sjølvhjulpen. Dei fleste fyra hadde eigne kjøkkenhagar, med poteter, grønsaker, litt bær og frukt.

Vigdis-kopi

“Kjøkkenhage kuriosa”, 60×80 cm 

Og ungane! Korleis var dagane deira? Dei hadde heime-skule, få leikekameratar utanom ssken, mange oppgåver.

Laura,-Bruno-og-verda

“Laura, Bruno og verda”, 60×80 cm

Bilete over er av Laura som budde på Lindesnes på 1920-talet. Her tar ho kua Bruno ut for å beite.

dørklinke2

“Den løyndomsfulle hagen”, 40×40 cm

Eg har og laga ein liten serie med bilete av fyr eg har besøkt dei siste åra:

AkkoLightTower

“Høgvatn i Haifa, Israel”, 40×50 cm

HaaLightTower

“Hippie-tilstandar på Obrestad”, 40×50 cm

LindesnesLightTower

“Landemerke Lindesnes”, 40×50 cm

ListaLightTower

“Lågvatn ved Lista”, 40×50 cm

SlatteroyLightTower

“Slåtterøy fyr”, 40×50 cm

Eg har og laga fleire kyst-romantiske bilete heilt utan fyrtårn:

koauge1

“Eg ser deg gjennom ko-auga mitt”, 40×50 cm

Lindesnes1

“Olaus på vakt”, 40×60 cm

Nei vent, her er eit fyr-bilete til! Dette er Olaus Blekum, som var fyrvoktar på slutten av 1800-talet. Eg tok han ut av fotografen sitt studio, og plasserte han der han høyrer heime: på fyret! (Fasinerande bart, ikkje sant?!)

Skude-sekstant50x40cm

“Sekstanten”, 40×50 cm

Alvsvåg1

“Våt på beina, tørr i håret”, 40×50 cm

Alvsvaag2

“Sveve over vatnet”, 40×50 cm

Hiskjo

“Havets hage, avd. tang og tare”, 40×50 cm

Ulstein

“Om eg var ein rik mann”, 40×50 cm

_MG_0187

Eg hadde nokre få bilete i fyrets suvenir-butikk, nokre foto-collage på lerret og nokre oksydert kopar.

_MG_0041

Og ein heil stabel med handlenett! Framsida er frå bilete Måse til middags, og baksida har teksten

You need a strong heart to endure great risk and great love

Tusen takk for besøket! 😀

Topics: utstilling | 1 Comment »

One Response to “Lindesnes fyr utstilling”

  1. kari kleven Says:
    April 5th, 2014 at 13:09

    Hei ! Uttryksfullt og inspirerende !

Comments