« Skandi Vega | Home | Aker Wayfarer »
Skandi Skolten
By Janne | August 18, 2010
Nok ein flott DOF båt, bygd på Aukra Verft. Dåpen var i Bergen, ved Skoltegrunnskaien, kaien båten er kalla opp etter.
Her er bileta eg lagde til denne båten. Fyrst, opphaldsrommet:
Eit bilete av Amerika-båten som ligg ved Skoltegrunnskaien og er klar til avgong.

Ombordstigningskø

og slik ser bileta ut på veggane ombord:


Bileta til messa:
Her er Skoltegrunnskaien i 1926, då Polar-helten Amundsen vitja Bergen.

Fisketorget på slutten av 1800-talet.

Tre menn som pakkar fisk, truleg sild.

Haakonshallen sett frå Rosenkrantztårnet, med Skoltegrunnskaien i bakgrunnen.

Og på messe-veggane:



Det er to bilete i røyke-rommet:
Ein av mine favorittar er dette portrettet av ein liten gut i 1911.

Ein fiskar som reparerar garn og kona hans.

Er det ikkje rart, eg syns han ser ut som ein heilt vanleg fyr som kunne jobba ombord i denne båten!

For Kapteinens finstove (eller opphaldsrommet oppe) heng desse bileta, med titlar inspirert av ein god, gammal Bergens-patriotisk song:

Eg ve te Berge, ve te Bergen med det samme!

Der har eg det som fisken i vannet…

Vått og kaldt og breiflabb overalt!
og på veggane ser det slik ut:


Og medan me snakkar om Kapteinen, her er lugaren hans:
Statsraad Lemkuhl, eit av Norges flottaste seglskip. (Som Kapteinen hadde jobba som los for i tre veker, og derfor valgte han akkurat dette bilete)

Chiefens bilete, Skoltegrunnskaien sett frå Nordnes.

Chiefen på lugar-kontoret sitt.

Her er konferanse-rommet:
Bileta har brodert tekst, del av ei ode til vest-kysten eg skreiv for nokre år sidan.

Where the beaten and battered driftwood turns into saalty silver treasures
– on these shores my memory gathers pleasures
Where the entangled light of dawn belong
– this is where my faith grew strong

Where the ancient slopes of naked rock patiently listens to the seagulls wailing
– this is where my soul is sailing
Where the bare rock-faces whisper secrets in your ear
– this is where the dusks are crisp and clear.

Øverst oppe er sky-loungen. Her er det fridomens fuglar som fyk bortetterden eine veggen:

Og til slutt to bilete i ein av trappesatsane:

Her sett med dagens handy-man: Per!

Dei originale sepia-farga fotoene fra Skoltegrunnskaien er frå Billedsamlinga ved Universitetet i Bergen, som gav meg lov til å arbeide med dei. Foto av O. Schumann-Olsen, K. Knutsen og Ralph Wilson, samt nokre ukjente fotografar. Alle andre foto, bilete og design er av Spindelmaker.
Topics: Biletkunst | Comments Off on Skandi Skolten
Comments are closed.





