Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Skandi Vega

By Janne | March 18, 2010

DOFs siste supply skip heiter Skandi Vega, og nok ein gong har eg vore så heldig å få utsmykke båten deira. Kvar gong eg kjem ombord i ein av desse nybygde båtane, blir eg alltid slått av kor storslåtte og flotte dei er!

Eg ser på det som min jobb å prøva å gjera mitt for å gjera båten til ein heim-vekke-frå-heimen for dei som arbeider ombord. Eg vil gjerne gjere det heimkosleg, slik at dei som arbeider ombord skal trivast.

Dåpen på Skandi Vega er i dag, men båten var fortsatt ikkje heilt ferdig når eg var ombord i går for å montere bileta. Det vil derfor ikkje vera alle fotografiene her som er heilt optimale av den grunn.

Her er bileta som er i messa, alle 60×90 cm med mindre det står noko anna spesifisert.

Ja, bortsett fra denne som er 60×80 cm.

Rett ved sida av messa er opphaldsrommet, eller loungen. Her er bileta som heng der. I dei små fotografia som er her på nettsida er det mange detaljar i bileta som forsvinn. Ofte er det heile små historiar inne i eit bilete.

Rett over gangen er røykerommet:

Dette er eit bilete av Haakonshallen i Bergen, bygd på 1200-talet om eg ikkje huskar feil.

Så flyttar me oss oppover til D-dekket. Her er konferanse-rommet:

“Den velkjente løyndomen bak den stengte døra” er  80×100 cm.

I samband med konferanserommet. ligg ei stove, med masse lys som kjem inn frå store vindauge.

Her er bilete somheng i lugaren til Kapteinen. Og min kjære pappa som alltid er hjelpsom i arbeidet med å få bileta montert ombord.

Den gamle båtmakarenpå bilete traff eg på Austevoll for nokre år sidan. Han hadde bygd trebåtar heile livet.

Her er Chiefen sitt bilete:

Over brua, ligg sky-loungen. Eit flott rom, med store vindauge, mykje lys og luft, og ein utsikt verdt millionar….

Dette båthuset er frå Austevoll:

40×120 cm

Topics: Biletkunst | 2 Comments »

2 Responses to “Skandi Vega”

  1. lacy Says:
    July 6th, 2010 at 19:38

    The boat is amazing!

  2. Ella Fagerbakke Says:
    August 10th, 2010 at 00:11

    Kjære janne…dette var magisk for meg,,,tusen takk!

Comments