Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



Out with the old, in with the new

By Janne | May 5, 2022

My main website Spindelmaker.com was lost in cyberspace in autumn 2021. Unable to retrieve it, I am now working on making a new and updated webpage (in English). It will still have (almost) all of the old information and inspiration from the old page, including the blog, but will be a new and fresher version. I have been quiet on my webpage for quite some time, so the new page will obviously include a major update on my artistic and academic emdevours.

Please stay tuned. Hopefully it will be launced in not too many weeks.

Topics: Diverse | No Comments »

Spindelmaker

By Janne | August 3, 2015

Eg har prøvd å halde to nettsider, denne på norsk, og Spindelmaker på engelsk. Det tar litt tid å halde begge deler, så om du vil ha ei meir oppdatert oversikt over prosjekt eg driv med, anbefaler eg å sjekke Spindelmaker-sida. Der har eg og ein blogg som eg er relativt aktiv på. Den er både ein oversikt over kva eg jobbar med av kreative prosjekt for tida, og er meint som ein inspirasjon for andre kreative sjeler. Klikk på bilete under, og du vert sett over!

blogg-header

Topics: Diverse | No Comments »

Stril Luna

By Janne | July 28, 2014

Stril Luna er namnet til Simon Møkster sin nyaste ofshore båt. Det er eit nydeleg skip, omtrent 80 meter langt, med sengeplass til 25. Eg er stolt over å levera kunst til dette skipet!

Skipet var døypt alt i juni, men var fortsatt ikkje heilt ferdig då eg monterte bileta i juli, så på nokre av fotoa er det itt uryddig. Men når alt er komen på plass, blir dette eit flott skip!

Skipet kjem til å arbeide i arktiske strøk utanfor Nord-Norge. Difor ville eigarane gjerne ha bilete knytta til is og snø. Mange a vmotiva mine er frå turen min til Svalbard i april.

På tide å starte omvisninga! Me byrjar i messa. Her har eg plassert det største bilete.

aurora

“Aurora”, oppkalla etter nordlyset. 120x180cm.

Dette er snø både frå insida og frå utsida. For å forklara: eit av laga i bilete er er eit foto teke 20 meter ned i ei bresprekk, rett inn i gamal stålis. Slik ser bilete ut i messa.

MG_7299

Auroras søster-bilete heiter:

Borealis2

Borealis”, 60×80 cm

Bi-Polar

 

“Bi-polar”, 60×90 cm

Eg møtte denne isbjørnen på Svalbard! Men eg må innrømma at han stod heilt i ro inne på museet. I motsetnad til mange andre besøkande som reiser til Svalbard, har eg faktisk ikkje noko hemmeleg drøm om å treffa isbjørn. Det her heilt ok å sjå dei på naturprogram på tv! Dei er tross alt flotte dyr!

MG_7348

 

Messa er på mang slags vis det viktigaste rommen ombord. Alle er der minst tre gånger om dagen for å eta, henta energi og for å vera sosial. Snart vert dette rommet fyllt av liv!

PuffinNuffin

 

“Puffin-nuffin”, 60x80cm

et einaste ordspelet eg kan på engelsk, og endeleg kom det til nytte! 😉

RaindeerRule

 

“Reinsdyra ruler” 60x90cm , trykt på plexiglas

Arksiske reinsdyr er ikkje redde for menneske. Dei har berre ein naturleg fiende, og det er isbjørnen. Så desse dyra treff du overalt, mellom hus og over gater i Longyear byen.

MG_7344

 

Det minste bilete over, er ei gave frå verftet til rederiet, og er laga av ein glaskunstnar eg ikkje veit nanvet på.

Det neste bilete er nok eit magisk landskapsbilete frå Svalbard. Om du nokon gong får sjangs til å reisa di: dra! Det er handa-på-hjarte ein av dei vakraste og mest eksotiske plassane eg har vore!

coldGeometry

 

“Kald geometri”, 60×90 cm

Eg plasserte dette bilete i gangen mellom messa, dei to opphaldsromma, trappa og utgangen.

MG_7343

 

Om me går vidare, kjem me til røykestova. Arktisk dyreliv er tema for dette rommet.

Finnmarcken

 

“Finnmarchen sel”, 60×80 cm

husky

“Husky Holiday”, 70×70 cm

sealion

 

“Kvalross” 60×80 cm

Alle karta er fra Svalbard og Spitsbergen. Og nedanfor ser du rommet dei er i. (Som du ser manglar det fortsatt nokre lampar og planter her for at det skal blir skikkeleg heimekoseleg)

MG_7301

MG_7302

 

Ned eit par etasjar og me finn møterommet.

spring

 

“Vår”, 90×150 cm

Desse fjella er ikkje langt fra Barentsburg.

MG_7328

 

Utan lampettar  og stolar blir det liksom ikkje heilt det same, men eg håapr bilete kan mane to gode og gjennomtenkte løysingar på problemstillingane som skal løysast i dette rommet.

No står kapteinen for tur.

Husky-power

“Husky-kraft”, 60×60 cm

Eg har nevnt at husky-hundar er glad i å jobba. Dei er kraftfulle dyr. Dei samme eigenskapane kan ein finne hos mange folk. Og det kan godt vera eit ideal for ein kaptein. Ein som elskar jobben sin, og som anstrenger seg ekstra i ansvaret for andre.

Chill-time

 

“Chill-time”, 60×90 cm

Men når det er sagt, må han få lov å slappa av og. Så her er ein liten fantasi i dette bilete. Medan han er omringa av iskalde fjell, har ein lov å drøyma om varme dagar, kanskje i ei hengekøye om bord i ein liten seglbåt i Karibien.

MG_7340

MG_7320

 

Over gangen finn me chiefen sin lugar.

snownation

 

“Snøfartsnasjonen”, 60×80 cm

Her er det eit norsk ordspel som har snike seg inn. Sjøfart – snøfart…. tja. Litt tørr humor kanskje, men ein ekte helt å sjå opp til.

MG_7305

Og til slutt, første-offiseren sin lugar. Han er forhåpentlegvis klar for sitt arktiske eventyr.

MG_7313

“Arctic adventure”, 40×60 cm

Eg håpar du har likt rundtturen vår.

Bon voyage til Stril Luna og mannskapet hennar! Måtte du segla stødig i vind og vær!

 

Topics: Diverse | No Comments »

Juanita

By Janne | May 26, 2014

Juanita er Ugland Offshore sitt nyaste skip, og det er det fyrste av deira skip eg har kunst ombord i. Gudmor til dette stolte skipet ville gjerne gi eit av mine bilete i dåpsgåve, og det er eg utruleg stolt og takknemleg for! Eg ynskjer Juanita lukke til på ferda!

GreenSeaGoldenSkycopy

“Grønt hav, gylden himmel”, 60 x 80 cm 

Topics: Biletkunst | No Comments »

Hedda-nominasjon!

By Janne | May 19, 2014

PERPLEKS er nominert til Hedda-pris for Beste Forestilling! Som ein av fire forestillingar i heile landet. Eg hadde kostymedesign på dette stykket ved Rogaland Teater i vinter. Og eg er utruleg stolt over å ha jobba med akkurat det teamet på akkurat den forestillinga! Nedanfor er bilete av regisør Glenn Andre Kaada, som og er Hedda-nominert for Beste Regi i denne debut-forestillinga si. Sjølve prisutdelinga skjer 15. juni, men eg kjenner det verkeleg som om me alt har vunne berre ved å bli nominert 🙂 Perpleks-3 (foto: Pål Christensen)

Topics: Diverse | No Comments »

Familieliv på fyr

By Janne | March 31, 2014

Familieliv-plakat

 

Då har vandreutstillinga mi endeleg premiere! Fyrst ut er Lindesnes Fyr.

AmaryllisAnna1

“Ein hund etter Amaryllus” Eg huskar mormor sine flotte amaryllusar i stovevindauge. Her er det Ella som luftar sitt vindauges stolthet medan den vesle dachsen hennar nyter sola han og.

Familieliv-på-fyr1

“Familieliv på fyr” er det einaste bilete i serien som faktisk viser eit fyr. Dette er Breistein fyr. Eg likar vinkelen til fotografen, det er som å vera liten igjen og sjå opp på eit tårn som nesten rekk heilt opp til himmelen!

Adobe Photoshop PDF

“Geite-Gudrun”. Familiane måtte vera så sjølvhjulpne som råd. Dei kunne risikera å vera isolerte på fyret i lengre periodar om gongen. Å halda geiter var eit av dyra ein hadde for å bidra til matauk. Geitene gav næringsrik mjølk, og klarar seg i skrinne omgjevnadar, klatrande over haug og hammar etter grastustar.

HAppyHippieLove2

“Ella og Normann”. Ella og Normann Vågsvold går igjen i fleire av bileta eg har jobba med til denne utstillinga. Dei jobba ved fleire fyr, men lengst ved Hatholmen på Sørlandet. Opptatt som dei har vore av formidling har dei gjeve heile familiealbummet til Kystverkmusea, der eg fekk leita i arkivet deira. Det var som å opna ei skattekiste! Utan Normann ville denne utstillinga slett ikkje blitt det den er, og eg er djupt takknemleg over å ha fått tatt del i denne viktige kulturarva, og få dikta mine eigne fargar inn i historien.

Adobe Photoshop PDF

“Solvarma svaberg” er bortimot det beste eg kan tenka meg! Og det ser ut for at eg ikkje er den einaste. Eit sjeldant foto fra ein solrik, vindstille dag. Like greit å finne fram badedrakten, ta seg eit bad og få i seg litt vitamin D!

HønsaHans2

“Hønse-Hans”. Egg var ei anna viktig næringskjelde. Nokre av fyra hadde høns, men dei kan like gjerne ha ete egg frå måsar og anna vill fugl.

KassabilKlara1

“Kassabil-Klara” Ungane var viktige bidragsytarar til å få fyr-kabelen til å gå opp. Fleire av fyra vart drivne som små familie-bedriftar. Ungane hadde sine arbeidsoppgåver, små og store. Men det var også tid for å leik og læring gjennom kjekke aktivtetar som sløyd og anna handverk. Eg veit ikkje om denne kassabilen er laga av ungane sjølv eller av far deira, men dei ser iallefall stolte ut!

KikkertKlaus1

“Eg har deg i kikkerten” Eldste son til Ella tar sin tørn i fyret. Kva han ser, kan ein berre gjetta seg til…

KrabbeKari1

“Krabbe-Klara” Mykje av maten kom frå havet naturlegvis. Krabbe var ein sesong-delikatesse.

LauraBruno1

“Laura, Bruno og verda” Lindesnes var eit stort fyr med fleire familiar, og dei hadde til og med ei ku! Jenta på bilete heitte faktisk Laura og kua heitte Bruno og gjekk sjølv opp og ned trappene til det vesle fjøset. Eg prøver å sjå for meg korleis det var å leve i ei såpass oversiktleg, lita verd som det var på Lindesnes fyr, trygt og godt, og samstundes lære om den store verda der ute, om andre kulturar, andre land, andre folkeslag. Kva fattar fantasien? På ei anna side, er det truleg mykje me ikkje heilt klarar å forestille oss om livet Laura hadde, så det er ei to-vegs-undring.

MaleMartin1

“Male Martin set farge på dagen” Ein viktig del av fyrvaktarjobben er å ta vare på bygningsmassen. Sidan været er såpass tøft, er det stor slitasje på alt byggverk. Husa måtte malast kvart år, og då var det greit å nytta høvet når det var sol og stille.

RoReidar2

“Ro-ro-ro-din-båt” Ungane måtte lære seg å ro og å svømme tidleg. Og det fyrste ein lærte var å respektera Moder Jord sine lunefulle humørsvingningar: vind og vatn! Men å læra er kjekt, spesielt når ein meistrar kunsten, og kan vera ein flytande drosje for eldre slektningar til og fra øyane!

Adobe Photoshop PDF

“Salme-søndag på sokkeleisten” Ho ville ikkje slita unødvendig på fin-skoa, så ho velger å gå på sokkeleisten til dei kjem til fastlandet og kyrkja, berre for å spara på dei. Slikt er sjeldan kost no til dags…

Adobe Photoshop PDF

“Ei sild. Og ei til.” Fisk var den viktigaste middagsmaten. Alle typar fisk. Og alle, både barn og vaksne visste korleis ein skulle fange, sløye og tilberede fisk.

Sjøutsikt1

“Svabergshorisont” å bu så nær havet, lengtar ein ikkje etter å vita og sjå kva som fins der ute, bakom horisonten? Forhåpentlegvis er dette ein lengsel i den menneskelege natur som og er symbolsk: at ein ynskjer å utvida horisonten sin, gjennom kunnskap, gjennom å bli kjent med og omfavna nye idear, gjennom å kvitta seg med fordommar… kan ein håpa.

Adobe Photoshop PDF

“Ein kjølig fyr” Dei fleste fyra ligg så nær havet at det sjeldan var mykje snø som la seg over lengre periodar. Så når snøen fyrst kom, var det om å gjera å nytta høvet! Å laga snømann er obligatorisk!

Adobe Photoshop PDF

“Måse til middag” Eg valgte dette bilete til plakaten, fordi eg syns det seier så mykje! Eg har sånn sans for måten ho berre tar med seg geværet, går ut og skyter ein skarv, går heim og lagar middag av han! Det er noko så utruleg flott med å vera så praktisk og pragmatisk og jordnær og sjølvhjulpen! Dette er ei kvinne eg ser opp til som eit forbilde! Ho er ei seig dame, ein overlever, ei som får ting gjort utan akkerderier! (Og eg vil ikkje eingong byrja å tenke på all den kunnskapen som alt er gått tapt i å vera sjølvhjulpen)

SofieStryker

“Jotakk, det går strykande” Daglege oppgåver: vaska, tørka, stryka, reparera, sy…

Svabergsfiskje1

“Svabergsfiskje” Er ikkje dette berre den heilt perfekte sommardagen?

Svartastidla1

“Svartastidla”  Svartastidla er dialekt for når havet er heilt stille utan bølger, utan dønningar, berre heilt stille. Sjeldne dagar. Perfekte for små seglbåtar og piknik på svaberget.

TrappeTrio

“Trappetrio” Dette er det eldste bilete i serien, truleg frå 1930 talet. Nokre fyrstasjonar var større enn andre, og det kunne bu fleire familiar der. Eit av dei leste eg hadde sin eigen skule, det var så mange barn der!

VaskeVigdis1

“Vaske-Vigdis” Å læra seg praktiske oppgåver starta tidleg, og alle familiemedlemmer bidrog på fleire områder.

Adobe Photoshop PDF

“Potetekakepotete” I tillegg til all sjømaten trong ein frukt og grønt i kosthaldet. Jordsmonnet var gjennomsalta av alt været, så berre hardføre planter klarte seg. Men poteter og turnips overlevde. Og det gjorde fleire krydderurter óg.

Topics: utstilling | No Comments »

Optiship resepsjon

By Janne | March 2, 2014

Optiship er eit nytt rederi, berre 3 år gamalt, men sterkt og veksande!  Båtane deiras er alle malte i den karakteritiske lilla fargen, som eg syns er flott! Eg lagde dette bilete av ein av båtane deiras, ei ombygd ferje, og no heng den i resepsjonen i kontorlokala deiras.

_MG_2303

Fargane er ikkje tilfeldige her. Båtane er lill a, go set er interiøret go, heist ned til klesdrakten til sekretæren! 🙂

Optiship

Dei lilla ferjene er dei kulaste i klassen!” 150×106 cm, foto-collage trykt på børsta aluminium

Topics: Biletkunst | No Comments »

Perpleks

By Janne | January 24, 2014

E-postvedlegg

(foto: Stig Håvard Dirdal)

Perpleks hadde premiere fredag kveld. Det er eit finurleg stykke som er vanskeleg å plassera i bås.

Skriven av Marius von Mayenburg og oversatt av Thomas Bjørnager

Regi: Glenn André Kaada

Scenograf og komponist: Arne Nøst

Kostyme-design: Janne Robberstad

Lys-design: Torill Lund Sævland
Skodespelarar:
“Ingrid”: Ingrid Rusten
“Ragnhild”: Ragnhild Arnestad Mønness
“Øystein”: Øystein Martinsen
“Svein”: Svein Solenes
_MG_1899
Eit ektepar kjem heim frå ferie, eit vennepar har passa på huset medan dei har vore vekke. Eller har dei? Dei oppfører seg som om det er deiras heim, og kanskje er det det? For hadde dei ikkje eit anna sofabord? Og hadde dei ikkje ein katt? Og den planta har dei då aldri sett før??

_MG_1746

Karakterane i stykket endrer forhold til kvarandre kontinuerleg, men ein legg ikkje merke til det før det har gått ei stund, og det er litt forvirrande.

_MG_1747

Dette er sjølvsagt gjort med vilje av forfattaren, for å forvirre publikum. Det er ein del av tanken med temaet for forestillinga.

_MG_1901

Skuespelarane starter i vanlege klær, som vanlege folk.

_MG_1895

Svein ofte utan klær i set heile tatt, får brilliante idear i dusjen.

_MG_1762

Øystein, her som 8-åring som ikkje fekk nytt belt i judo.

Nokre spøkelse finn ein i skapa i sommarhus…

_MG_1793

Det er og eit karnival midt i stykket, med temaet Nordiske Netter.

_MG_1815

Øystein som alpinist.

_MG_1809

Ragnhild som valkyre!

_MG_1831

Svein som elg. Og Ingrid som…

_MG_1822

“Hodet mitt eksploderer i en sky av aske! Her renner det magma fra jordens indre i strie strømmer! Jeg er en vulkan! Snæfadlsjøkul på Island!”

_MG_1867

Kva skjer mellon alpinisten og elven bak sofaen?

_MG_1850

Jaja, det dempar iallefall stemninga på festen betrakteleg…

_MG_1905

Ingrid har alltid trudd at det er nokon der ute som høyrer på ho.

Nietsche kjem på besøk, scenearbeidarane byrjar nedrigg, regisøren er gått, inspisienten tar mat pause. _MG_1908

Dette er ein forestilling til ettertanke, og har du sjangs, bør du absolutt sjå det! Regisøren og skuespelarane har laga ein fantastisk forestilling! Og eg er så stolt av å vera med på å laga akkurat denne forestillingen!!

Topics: Kostymedesign | 1 Comment »

Bømmelfjord

By Janne | December 30, 2013

Bømmelfjord er eit rederi, som nettopp har flytta inn i nye lokaler, i same bygning som Eidesvik. Dei nye kontorlokala var lyse og kvitmalte og kanskje ein tanke kjedelege. Dei spurde meg om å laga kunst til fellesromma. Kunst som reflekterte firmaet, både i fortid og notid, og kva dei jobbar med. I tillegg til å få litt farge inn i romma.

Bommeloy19-copy

“Bømmelfjord”, 150x150cm 

Historien til firmaet er ganske lik historien til eigar-familien. Og sidan eg er så heldig å kjenne dei litt personleg, vågde eg eit VELDIG fargerikt forslag. Heldigvis likte dei det! Knall rosa, solgul og mint er ikkje vanlege rederi-fargar, for å sei det sånn. 🙂

Gaapaa2

“Gå På”, 150×190 cm 

I dette bilete er det tre generasjonar samla. Der er og deira eigen båt som dei reiste på sommarferie i.

Viking-Princess2

“Viking Princess”, 150×180 cm

Og i konferanserommet ligg Viking Princess stolt og støtt i sjøen. Dette er eit av dei siste skipa i flåten til rederiet.

_MG_1407

Bileta er ikkje hengt opp enno. Det er nye møblar på veg inn, go me vil ha die på plass før me heng pop bileta, for å vera sicker på at alt er på reft plass.

conferenceroomfoil

Eg lagde og nokre foliar til dei innandørsvindaugene som skiller mellom kontora og fellesrommet. Vindauge her er ein veldig god ide, då det slepp inn mykje lys. Men det er jo fint med litt privatliv og, så for å skjerma litt, la me inn frosta folie. For konferanserommet lagde eg eit klassisk Siggjo-motiv. Siluetten av Siggjo definerer Bømlo, nesten frå alle vinklar, og passar godt til namnet Bømmelfjord.

_MG_1408

Her er folien oppe.

_MG_1410

Inn til dei andre kontora, lagde eg nokre stiliserte foliar, dekorert med firma-logoen (ein stilisert Siggjo-siluett) og tekniske teikningar av nokre av skipa deira.

BommelfolieS-K

Alle foliane går heilt til golvet, for å skjula “rot som sko, vesker, esker, kva det måtte vera… og akkurat så høge at det går an å kikke over i den eine enden.

_MG_1412

Eg kjem attende med fleire bilete når alt er komen på plass.

Topics: Biletkunst | No Comments »

Eidesvik resepsjonsdesk

By Janne | December 27, 2013

Eidesvik har nyleg bygd eit nytt kontorlokale, og med det sjølvsagt eit nytt resepsjonslokale.

IMG_0042

Eg fekk det ærefulle oppdraget å lage ein ny resepsjonsdesk for dei. For å vera ærleg er det det fyrste møbelet eg har designa. Iallefall så stort.

IMG_0043

Me ville at det skulle sjå ut som eit skip, som eit stilisert skrog, det har til og med eit helikopterdekk i front.

IMG_0044

Det er bygd i tre, og malt i nøyaktig samme fargar som Eidesvik sine sjøgåande skip, og med kopi av logoane i front og på sida.

IMG_0045

Desken er nett over 3 meter lang, mellom 60 og 100 cm vid og 110 cm høg.

_MG_1418

Sett forfra. I samarbeidde med ein veldig dyktig møbelsnekker ved Designproduksjon i Stavanger for å få laga desken. Han har gjort ein fantastsik jobb, og materialisert visjonen og designet mitt.

Topics: Biletkunst | No Comments »

« Previous Entries