Archive for May, 2009
Kjerstins lovebirds
Wednesday, May 20th, 2009I går gjorde eg ferdig brudekjolen til Kjerstin. Ho kom fra Oslo for den siste justeringa. Og justering er rette ordet. Kjolen er praktisk talt forma rundt kroppen hennar, del for del. Ho må ha prøvd han ein ti-tolv gongar, kvar gong var det nye nåler og litt meir blonde på plass. Og sakte men […]
Geishas og Samurai
Monday, May 18th, 2009Astri, søster mi, har nett opna nett-butikk: Velkommen! Og kva er ein god interiørbutikk utan kunst? No sel ho nokre av mine bilete. Desse er del av ein Asia-serie. Det er foto-collage, trykt på kanvas (med 85 års farge-garanti!) og innramma i ei flat, svart tre-ramme. Begge bileta er ca 30 x 45 cm.
Marianne sin brudekjole er ferdig!
Monday, May 18th, 2009Etter eit par rundar med handsaum, er eg no ferdig med brudekjolen til Marianne. Ho var her i går kveld, for den siste prøvinga, og no er alt på plass. Eg gler meg sånn til å sjå bryllupsbileta hennar! Brudekjolar er alltid finare på brura enn på ei dokke, syns no eg.  Heile kjolen […]
Velkommen!
Friday, May 15th, 2009Søstera mi, Astri har nett opna nett-butikk, i tillegg til interiør-butikken hennar i Fusa. Ho har mykje fint, mykje kosleg, og mykje elegant. Ein av mine favorittar er morgonkåpa frå Barefoot Dreams. Den er super-god, og Astri er den einaste i Skandinavia som sel dei. Ein anna favoritt er denne paraplyen. Ein draum for ein […]
Kjerstins skjørt
Thursday, May 7th, 2009Eg har sydd på Kjerstin sin skjørt dei siste dagane, så mykje at eg har drøymt om blonde-pussling! Men arbeidet ber frukter, og no er snart komen så langt eg kan kome før ho kjem på prøving. Eg trur dette blir ein flott kjole, og klarte berre ikkje å la vera å vise eit bilete. […]
tyll!
Wednesday, May 6th, 2009Eg er heldig! Den yngste søstera mi, som tilfeldigvis er nærmaste nabo, er flink å sy, og heldigvis hadde ho tid til å hjelpa meg å sy denne helga. Og etter 160 meter tyll, var underskjørtet til Kjerstin ferdig! Det er ein morsom liten sak som står av seg sjølv på golvet, og lagar god-lydar […]
Mariannes kjole blir til
Tuesday, May 5th, 2009Det mest spesielle med kjolen til Marianne, er liv-stykket. Det er 12 cm høgt, og på det skal det vera plass til to fjell, minst ein båt, familen og vennene hennar, perlene hennar og kanskje ei løvetann. Så etter å ha drøymt om det i eit par veker, syns eg at eg hadde ein ganske […]
17.mai fane!
Tuesday, May 5th, 2009I går gjorde eg ferdig banneret til Moster Skule. Her er bilete av fram- og baksida. Framsida har bilete av Siggjo, den nesten-vulkanske fjellet på Bømlo, med Moster i front. Hovudmotiv er to viking-ungar. Moster Skule hadde i mange år ein viking-leir rundt Mostra-spelet. Her lærte ungane gamle teknikkar som spinning og smiing. Mønsteret i […]
Mariannes-hjarte
Monday, May 4th, 2009… berre ein liten tjuv-kikk på deler av belte til Marianne sin brudekjole… Det kjem meir seinare 🙂