« Eit annleis familie-portrett | Home | Viking Prince »
Brage Trader
By Janne | February 28, 2012
Brage Suppliers sitt nye supply-skip heiter Brage Trader. Det er bygd i Cochin, India, og vert døypt i dag! Eg har sendt nedover tre store trekassar med kunst til veggane ombord, forhåpentlegvis fell dei i smak 🙂
Eigaren ville gjerne ha motiv frå det gamle Bergen. Her er bileta frå messa:
“Flat fisk, rund fisk?”, 50 x 70 cm
“You say potaTO – I say po-TA-to” 50×70 cm
“Forget-me-nots and posies, sunflowers and roses” 50 x 70 cm
I eit av opphaldsromma finn du desse avslappa karane i prat på kaien mellom tørka fisk:
“Fishy business” 50 x 70 cm
Dei fine fruene i Strandgaten held dei med selskap.
“A mid-day stroll along the street” 50 x 70 cm
Vdare inn i neste opphaldsrom:
“The fjord-ferry-festival” 50 x 70 cm (eller Fjord-ferje-festival, som sjølvsagt ikkje er noko festival i det heile tatt, men berre eit artig ord-spel)
“Bleketrappen” 50 x 70 cm
Dette er typisk Bergen, bratt og smalt. Original-fotoet er nær 100 år gamalt. Men det er ikkje meir enn ein månad sidan eg gjekk forbi denne plassen i Bergen, og det ser nesten heilt likt ut i dag.
“Wulfsgården” 50 x 70 cm
Barn som leikar i eit av mange smau i Bergen. Du kan så vidt skimte Laksevåg over fjorden i bakgrunnen.
I kapteinens lugar heng :
“Sjøhusa ved Nordnes Toldbodkai” 50 x 70 cm
“Gamlekara på kaikanten” 50 x 70 cm
Endå eit typisk Bergensmau har havna inne hos chiefen:
“Bergen smau” 50 x 70 cm
Og til slutt, i gym-rommet:
“Feil dag å kle seg i lilla” 50×140 cm
Desse sporty jentene frå byrjinga av forrige århundre har gjort seg klar til gymnastikktime på Stord Lærarhøgskule. Legg merke til den praktiske klesdrakten! Synd ikkje hadde fått med seg at tirsdag er blå, onsdag er lilla! 😉
Lykke til, Brage Trader, må du segla stolt over alle dei sju hava!
Topics: Biletkunst | No Comments »