« Far, far away | Home | Skandi Iceman »
Lindesnes fyr utstilling
By Janne | July 26, 2013
Sommaren 2013 har eg ein solo-utstilling ved Lindesnes fyr. Om du er i nærleiken, er du hjarteleg velkommen innom på besøk! Lindesnes er ein sjaldant nydeleg stad, der ein verkeleg kjenner roen senkar seg i sjela ute på svabergs. Iallefall i fint ver 😉 Men det er fasinerande flott når det er storm og! Uansett. Om du ikkje har mulighet til å stikka innom Lindesnes før den 13. oktober, her er ein liten virtuell tur:
Sjølve utstillinga er i fjellhallen. Deler av museet er skoren ut inn i fjellet, derav namnet. I dette rommet er likevel veggane i lys betong. Fyrst, eit overblikk over veggane:
Du kjenner kanskje att nokre av bileta frå Mostraspelsutstilliga, men omlag halvparten av bileta er nylaga, spesielt til Lindesnes-utstillinga.
Denne veggen er ein liten forsmak på neste sommars utstilling eg skal ha her. Ei stor tema-utstilling, som eg fortel litt meir om lenger ned på sida.
Eg var litt redd for at det ikkje var nok bilete, men sanneleg fylte me veggane! 🙂
På den siste veggen er ein liten kavalkade over fyrtårn.
Rett utanfor utstillingsrommet, hang eg endå nokre bilete, for å visa vegen inn. Bilete over er frå mitt lokal-fyr: Slåtterøy, Bømlo.
Som eg nemnde, neste sommar skal eg ha ei tematisk utstilling her på Lindesnes, inspirert av kvinner og barn: Familieliv på fyr. Eg har alt byrja å arbeide med denne, og nokre av bileta var med no i sommar, som ein liten forsmak på 2014.
Mange fyrvoktarar hadde familiane med seg. O eg har jobba visuelt med tankar om korleis livet arta seg for desse kvinnene og borna som i lange periodar levde såpass isolert ute på fyra.
“Måse i viltsaus”, 40×50 cm
Eg trur dei må ha vore sterke karakterar, både sjølv-hjupne og kreative. Bileta nedanfor er av ei kone på veg heim etter å ha fanga dagens middag! Dette bilete syns eg faktisk seier meir enn 1000 ord! 🙂
“Måse til middags”, 60×80 cm
Dei fleste dagane var vanlege arbeidsdagar. Men det var jo søndagar og, då ein reiste til fastlandet og gjekk i kyrkja.
“Salmesøndag på sokkeleisten”, 60×80 cm
Eg nemnde å vera sjølvhjulpen. Dei fleste fyra hadde eigne kjøkkenhagar, med poteter, grønsaker, litt bær og frukt.
“Kjøkkenhage kuriosa”, 60×80 cm
Og ungane! Korleis var dagane deira? Dei hadde heime-skule, få leikekameratar utanom ssken, mange oppgåver.
“Laura, Bruno og verda”, 60×80 cm
Bilete over er av Laura som budde på Lindesnes på 1920-talet. Her tar ho kua Bruno ut for å beite.
“Den løyndomsfulle hagen”, 40×40 cm
Eg har og laga ein liten serie med bilete av fyr eg har besøkt dei siste åra:
“Høgvatn i Haifa, Israel”, 40×50 cm
“Hippie-tilstandar på Obrestad”, 40×50 cm
“Landemerke Lindesnes”, 40×50 cm
“Lågvatn ved Lista”, 40×50 cm
“Slåtterøy fyr”, 40×50 cm
Eg har og laga fleire kyst-romantiske bilete heilt utan fyrtårn:
“Eg ser deg gjennom ko-auga mitt”, 40×50 cm
“Olaus på vakt”, 40×60 cm
Nei vent, her er eit fyr-bilete til! Dette er Olaus Blekum, som var fyrvoktar på slutten av 1800-talet. Eg tok han ut av fotografen sitt studio, og plasserte han der han høyrer heime: på fyret! (Fasinerande bart, ikkje sant?!)
“Sekstanten”, 40×50 cm
“Våt på beina, tørr i håret”, 40×50 cm
“Sveve over vatnet”, 40×50 cm
“Havets hage, avd. tang og tare”, 40×50 cm
“Om eg var ein rik mann”, 40×50 cm
Eg hadde nokre få bilete i fyrets suvenir-butikk, nokre foto-collage på lerret og nokre oksydert kopar.
Og ein heil stabel med handlenett! Framsida er frå bilete Måse til middags, og baksida har teksten
You need a strong heart to endure great risk and great love
Tusen takk for besøket! 😀
Topics: utstilling | 1 Comment »
April 5th, 2014 at 13:09
Hei ! Uttryksfullt og inspirerende !