« Skandi Iceman | Home | Skandi Bergen 3 »
resepsjon Matre
By Janne | September 28, 2013
Matre er eit lokalt firma som produserer utstyr til offshorenæringa. Dei runda 60 år i år, og i anledningen jubileet bestilte dei eit kunstverk til resepsjonsområdet.
Laurdag morgon, og Solveig, personalsjefen og eg monterer mosaikken som skal bli eit stort bilete. Fasongen og storleiken på bitane er ein kopi av steinmuren som er utanfor bygget. Muren er laga av ein av grunnleggjarane av bedriften etter han vart pensjonist, og det var ein fin symbolikk i å bruke akkurat dette som utgangspunkt for bilete. Firmaet var lite då dei starta opp, berre to menn, men det har vakse meir og meir og er no oppe i vel 60 ansatte. Så filosofien til firmaet har vore å byggja seg større, sakte men sikkert, ved å leggja ein stein oppå den neste, så å seia. Som var tanken bak steinmurs mosaikk-bilete.
Bedriften spesiallagar utstyr i ulike typar metal. Så nokre av mosaikk-bitane er laga i desse metalla, skorne til i rett fasong. Dei fleste bitane er bilete trykt på børsta aluminium, og kjem ca 1 cm ut frå veggen. Medan dei andre metal-bitane kjem ca 1 1/2 cm ut frå veggen. Dei er laga i bronse, aluminium, stål og titanium. Det gjev bilete ekstra tekstur og djubde.
Her er bilete ferdig på veggen. Storleiken er ca 100x150cm. Alle motiva er knytta opp til firmaet. Folk som har jobba eller jobbar der, gamle tekniske teikningar og skisser. Det fortel mykje om firmaet sin historie og arbeidsområde.
Forhåpentlegvis vil alle som arbeider på Matre setja pris på kunsten 🙂 Gratulerar med jubileet!
Topics: Biletkunst | No Comments »