Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



Biletkunst

« Previous Entries

Juanita

Monday, May 26th, 2014

Juanita er Ugland Offshore sitt nyaste skip, og det er det fyrste av deira skip eg har kunst ombord i. Gudmor til dette stolte skipet ville gjerne gi eit av mine bilete i dåpsgåve, og det er eg utruleg stolt og takknemleg for! Eg ynskjer Juanita lukke til på ferda! “Grønt hav, gylden himmel”, 60 x […]

Optiship resepsjon

Sunday, March 2nd, 2014

Optiship er eit nytt rederi, berre 3 år gamalt, men sterkt og veksande!  Båtane deiras er alle malte i den karakteritiske lilla fargen, som eg syns er flott! Eg lagde dette bilete av ein av båtane deiras, ei ombygd ferje, og no heng den i resepsjonen i kontorlokala deiras. Fargane er ikkje tilfeldige her. Båtane er […]

Bømmelfjord

Monday, December 30th, 2013

Bømmelfjord er eit rederi, som nettopp har flytta inn i nye lokaler, i same bygning som Eidesvik. Dei nye kontorlokala var lyse og kvitmalte og kanskje ein tanke kjedelege. Dei spurde meg om å laga kunst til fellesromma. Kunst som reflekterte firmaet, både i fortid og notid, og kva dei jobbar med. I tillegg til å […]

Eidesvik resepsjonsdesk

Friday, December 27th, 2013

Eidesvik har nyleg bygd eit nytt kontorlokale, og med det sjølvsagt eit nytt resepsjonslokale. Eg fekk det ærefulle oppdraget å lage ein ny resepsjonsdesk for dei. For å vera ærleg er det det fyrste møbelet eg har designa. Iallefall så stort. Me ville at det skulle sjå ut som eit skip, som eit stilisert skrog, […]

Skandi Bergen 3

Tuesday, October 29th, 2013

Skandi Bergen er DOF sit tredje skip med dette navnet, og det tredje skipet med dette navnet eg lagar kunst til. Nedanfor ser du to bilete. Ein lang historie, men den korte versjonen er at eigarane solgte skipet før kunsten var komen ombord, og den vart overført til neste skip. Dei to bileta nedanfor var […]

resepsjon Matre

Saturday, September 28th, 2013

Matre er eit lokalt firma som produserer utstyr til offshorenæringa. Dei runda 60 år i år, og i anledningen jubileet bestilte dei eit kunstverk til resepsjonsområdet. Laurdag morgon, og Solveig, personalsjefen og eg monterer mosaikken som skal bli eit stort bilete. Fasongen og storleiken på bitane er ein kopi av steinmuren som er utanfor bygget. Muren […]

Skandi Iceman

Sunday, September 22nd, 2013

Gratulera til DOF! Skandi Iceman er det siste skipet i flåten, og eit vakkert skip er det! Nok ein gong har eg hatt æra av å utsmykke skipet. Og eg håpar både rederiet og ikkje minst dei som arbeider ombord blir fornøgd og kjenner seg som heime ombord. Vil du bli med på ei lita […]

H E I M

Saturday, May 25th, 2013

I dag opna eg Mostraspelutstillinga mi som eg har jobba med gjeonnom vinteren. Det er ekstra stas å få vera Mostraspelutstillar akkurat i år, då det er 50 års jubileum for Bømlo kommune. Ustillinga og bileta her er på mange måtar ein hyldest til Bømlo, øya der eg har vakse opp. Her er røtene mine, […]

Mostraspelutstilling

Wednesday, April 17th, 2013

Gjett kven som er stolt av å få vera Mostraspelutstillar i år?!?! I år feriar Bømlo kommune 50årsjubileum, så det er ekstra stas å få stilla ut akkurat i år. No er det snart berre ein månad til at skal vera klart og på plass 🙂

Finnaas Kraftlag

Thursday, January 17th, 2013

Eg laga årets kundekalender for Finnås Kraftlag. I den samanheng ville gjerne Kraftlaget ha nokre av bileta på veggane i eit av møteromma sine. Her er dei fire bileta dei valgte. Det fyrste er av Siggjo, det vulkan-forma fjellet som kan sjåast frå heile Bømlo. Alle bileta er 50 x 70 cm. Så kjem den […]

« Previous Entries