« Geishas og Samurai | Home | Skandi Olympia »
Kjerstins lovebirds
By Janne | May 20, 2009
I går gjorde eg ferdig brudekjolen til Kjerstin. Ho kom fra Oslo for den siste justeringa. Og justering er rette ordet. Kjolen er praktisk talt forma rundt kroppen hennar, del for del. Ho må ha prøvd han ein ti-tolv gongar, kvar gong var det nye nåler og litt meir blonde på plass. Og sakte men sikkert vart det ein kjole! Me var så inne i prosessen at me reint gløymte å ta bilete, bortsett fra heilt mot slutten. Kjerstin var veldig tolmodig, eg trur ho rakk å skrive heile bryllupstalen sin medan ho sat og venta.Â
Det var ei utfordring å lage denne kjolen. Eg hadde ikkje noko mønster, og visste ikkje kvar vegen gjekk før eg kom dit.Â
Den svarte blonden er delvis tråkla fast i den kvite dupion-silken, medan tyllskjørtet er “frittståande” (bokstavleg talt, faktisk…)
Det siste me gjorde var å ha litt ekstra tyll på toppen av kjolen, for å mjuke opp overgangen mellom kjole og hud.Â
Nedanfor er kjolen heilt ferdig. Den ser enno betre ut på henne, den er jo faktisk forma spesielt til hennar kropp. Og sjølvsagt, i tillegg til brura, her manglar me hår, smykke, blomar og ein brudgom, for å få eit komplett bilete. Han har og skreddarsydd dress for anledninge, og eg gler meg til å sjå han!
Me er kjempefornøyd med tyll-skjørtet, det lagar så fin lyd når ein går 🙂
Topics: Diverse | 8 Comments »
May 21st, 2009 at 03:17
This dress is truly amazing…can’t wait to see her in it!
May 21st, 2009 at 05:53
i hopped over from Deidra’s blog and found your fabulous dress! i love the idea of bride as peacock. this will be a very happy occasion.
May 21st, 2009 at 07:02
GORGEOUS! Can’t wait to see pics of the wedding day. If I were to get married again I would totally have to come to Norway so you could make me one of these killer dresses!
May 21st, 2009 at 21:58
Vakker!
May 21st, 2009 at 22:13
Et fantastisk syn! Du er så flink!
May 22nd, 2009 at 09:40
Nydeleg! Eit kunstverk! Fekk lyst til å kjenne den på kroppen!
May 26th, 2009 at 06:42
This is fabulous Janne. Like Michelle, if I were to get married again, I definitely have to come to Norway so you could work your magic on me.
May 29th, 2009 at 16:40
Wow… I am completely thunderstruck. LOVE IT!!