« Far, far away | Home | Skandi Iceman »
Lindesnes fyr utstilling
By Janne | July 26, 2013
Sommaren 2013 har eg ein solo-utstilling ved Lindesnes fyr. Om du er i nærleiken, er du hjarteleg velkommen innom på besøk! Lindesnes er ein sjaldant nydeleg stad, der ein verkeleg kjenner roen senkar seg i sjela ute på svabergs. Iallefall i fint ver Men det er fasinerande flott når det er storm og! Uansett. Om du ikkje har mulighet til å stikka innom Lindesnes før den 13. oktober, her er ein liten virtuell tur:
Sjølve utstillinga er i fjellhallen. Deler av museet er skoren ut inn i fjellet, derav namnet. I dette rommet er likevel veggane i lys betong. Fyrst, eit overblikk over veggane:
Du kjenner kanskje att nokre av bileta frå Mostraspelsutstilliga, men omlag halvparten av bileta er nylaga, spesielt til Lindesnes-utstillinga.
Denne veggen er ein liten forsmak på neste sommars utstilling eg skal ha her. Ei stor tema-utstilling, som eg fortel litt meir om lenger ned på sida.
Eg var litt redd for at det ikkje var nok bilete, men sanneleg fylte me veggane!
På den siste veggen er ein liten kavalkade over fyrtårn.
Rett utanfor utstillingsrommet, hang eg endå nokre bilete, for å visa vegen inn. Bilete over er frå mitt lokal-fyr: Slåtterøy, Bømlo.
Som eg nemnde, neste sommar skal eg ha ei tematisk utstilling her på Lindesnes, inspirert av kvinner og barn: Familieliv på fyr. Eg har alt byrja å arbeide med denne, og nokre av bileta var med no i sommar, som ein liten forsmak på 2014.
Mange fyrvoktarar hadde familiane med seg. O eg har jobba visuelt med tankar om korleis livet arta seg for desse kvinnene og borna som i lange periodar levde såpass isolert ute på fyra.
“Måse i viltsaus”, 40×50 cm
Eg trur dei må ha vore sterke karakterar, både sjølv-hjupne og kreative. Bileta nedanfor er av ei kone på veg heim etter å ha fanga dagens middag! Dette bilete syns eg faktisk seier meir enn 1000 ord!
“Måse til middags”, 60×80 cm
Dei fleste dagane var vanlege arbeidsdagar. Men det var jo søndagar og, då ein reiste til fastlandet og gjekk i kyrkja.
“Salmesøndag på sokkeleisten”, 60×80 cm
Eg nemnde å vera sjølvhjulpen. Dei fleste fyra hadde eigne kjøkkenhagar, med poteter, grønsaker, litt bær og frukt.
“Kjøkkenhage kuriosa”, 60×80 cm
Og ungane! Korleis var dagane deira? Dei hadde heime-skule, få leikekameratar utanom ssken, mange oppgåver.
“Laura, Bruno og verda”, 60×80 cm
Bilete over er av Laura som budde på Lindesnes på 1920-talet. Her tar ho kua Bruno ut for å beite.
“Den løyndomsfulle hagen”, 40×40 cm
Eg har og laga ein liten serie med bilete av fyr eg har besøkt dei siste åra:
“Høgvatn i Haifa, Israel”, 40×50 cm
“Hippie-tilstandar på Obrestad”, 40×50 cm
“Landemerke Lindesnes”, 40×50 cm
“Lågvatn ved Lista”, 40×50 cm
“Slåtterøy fyr”, 40×50 cm
Eg har og laga fleire kyst-romantiske bilete heilt utan fyrtårn:
“Eg ser deg gjennom ko-auga mitt”, 40×50 cm
“Olaus på vakt”, 40×60 cm
Nei vent, her er eit fyr-bilete til! Dette er Olaus Blekum, som var fyrvoktar på slutten av 1800-talet. Eg tok han ut av fotografen sitt studio, og plasserte han der han høyrer heime: på fyret! (Fasinerande bart, ikkje sant?!)
“Sekstanten”, 40×50 cm
“Våt på beina, tørr i håret”, 40×50 cm
“Sveve over vatnet”, 40×50 cm
“Havets hage, avd. tang og tare”, 40×50 cm
“Om eg var ein rik mann”, 40×50 cm
Eg hadde nokre få bilete i fyrets suvenir-butikk, nokre foto-collage på lerret og nokre oksydert kopar.
Og ein heil stabel med handlenett! Framsida er frå bilete Måse til middags, og baksida har teksten
You need a strong heart to endure great risk and great love
Tusen takk for besøket!
Topics: utstilling | 1 Comment »
April 5th, 2014 at 13:09
Hei ! Uttryksfullt og inspirerende !