Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Mariannes kjole blir til

By Janne | May 5, 2009

Det mest spesielle med kjolen til Marianne, er liv-stykket. Det er 12 cm høgt, og på det skal det vera plass til to fjell, minst ein båt, familen og vennene hennar, perlene hennar og kanskje ei løvetann. 

Så etter å ha drøymt om det i eit par veker, syns eg at eg hadde ein ganske god ide. Marianne er ei flott dame, som veit kva og kven som er viktig for henne, og ho veit å sette pris på det. Ho likte ideen om ha symbol for ulike sider ved henne, kvar ho er fra, kven ho er og kva ho står for, på kjolen. Så her er litt om symbolikken i kjolen til Marianne:

covering-the-mountain

I bakgrunnen er Siggjo, det eine store fjellet på Bømlo, der ho er oppvaksen. Nokre av oss innfødde likar å tru at det er ein gammal vulkan, som og er eit fint symbol for lidenskapen mellom ekteparet.

the-heritage-roots

 

Røttene representerer familien hennar, slekta og historien. Sjult (igrunnen ikkje) er det juvelar og perler, som representerer dei sterke banda som knyter familien saman. Brura har laga glasperlene sjølv, og det gjer symbolikken endå sterkare, syns eg. 

belt

Med denne plattforma i livet, veks Marianne opp som eit sterkt og fritt menneske. Famiilen gjer henne kjærleik, og ho sjølv sprer kjærleik, attende til familien, til mannen sin, til venner, alle veldig viktige for ho. Så hjarta er symbolet på Marianne sjølv, hennar band til famile og venner og til hennar elskede, Svein Ove. 

tracing-the-boat-onto-paper

Over er det eine bakstykket. Dette er den gamle famile-båten, som ho hadde mange gode minner frå. Eg overførte forma på båten til matpapir, , nåla det fast, og maskin-broderte båten på plass. Det er ein artig måte å teikne på, der symaskinen er ein stilleståande blyant, og stoffet  som du teiknar på må flytte seg. Omvendt av vanleg teikning, med andre ord. 

sowing-the-boat

Eg sydde langs strekane, og reiv av matpapiret. Det er forresten lurt å bruke ei tynn synål når ein jobbar med dette. 

belt-back-2

Etter at papiret var fjerna, fortsatte eg med fri-broderi med bølger og varme vindar frå sør som ber med seg tru, håp og kjærleik heilt opp nord til resten av mors-slekta.

Så no er det vel berre løvetanna som manglar…

Topics: Diverse | 3 Comments »

3 Responses to “Mariannes kjole blir til”

  1. Deirdra Doan Says:
    May 6th, 2009 at 05:31

    What a moving heirloom! and so pretty…!

  2. astrid Says:
    May 6th, 2009 at 09:35

    Almost a reason to get married (again:-)

  3. Susan Williamson Says:
    May 6th, 2009 at 21:19

    This will an amazing wedding dress when it’s finished …actually, it’s pretty amazing right now! I love how you’re incorporating precious personal symbols into a moving piece of art for Marianne.

Comments