Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



VERTÜ og Siggjo song & streng

By Janne | December 31, 2012

VERTÜ er ei lokal dansegruppe for barn og unge. Dei ba meg om å laga logo til dei, og her er den!

Og nedanfor er plakaten til Siggjo song & streng. Jan Ove Morlandstø og Brynjar Stautland, gitarane deira og Siggjo ruvande i bakgrunnen.

Dersom du lurer på kvitfor det er raude higrar med bowler-hattar med, må du nesten gå på ein av konsertane deira og spør dei 😉

Topics: grafikk | No Comments »

KRAFTkalender 2013

By Janne | December 29, 2012

Kvart år gir Finnås Kraftlag ein kalender til alle sine kundar, og for 2013-kalenderen har eg hatt den store gleda å ha ansvar for både innhald og utforming/lay-out. (Jaja, ikkje akkurat sikkerhets-informasjonen, men alt det andre 😉 Med eit opplag på 5000 kalendarar er dette eit svært ærefullt oppdrag!

Brorparten av arbeidet er lagt ned i dei 14 bileta som er med i kalenderen. Alle motiva er frå Bømlo, frå ulike stadar rundt i kommunen, og med ulike tema. Ulike årstider, ulike miljø. Nokre portrett, nokre reine natur-bilete, nokre samtidige, andre historisk inspirerte… Hovudtanken er at alle skal kunna kjenna seg igjen i bileta, og å setja pris på det vakre landskapet her ute i øyane. På framsida ser du Siggjo ruva over skjærgarden ved ankomst nordfra. Siggjo og skjærgarden To av dei mest typiske tinga ved Bømlo, og to av dei tinga me som Bømlingar er mest stolt av, om eg ikkje tar feil.

Her er framsida:

Tusen takk til Finnås Kraftlag, som tar så aktivt standpunkt i si støtte til det lokale kulturlivet! Dei brukar mange hundretusener kvart år på å støtte alt frå søndagskular til songkor til skyttarklubbar. Bømlo ville vore ein langt kjedelegare stad å bu, utan det rike tilbodet av frivillige lag og organisasjonar.

Topics: Diverse, grafikk | No Comments »

Kardemommeby

By Janne | December 29, 2012

Bømlo Teater sin store produksjon i haust har vore Torbjørn Egners Kardemommeby. Eg har hatt den store glada av å vera scenograf! Skisser, tekniske teikningar, modellar… og masse sparkling og maling etter at ein gjeng supre snikrar trylla fram ein heil by! (Takk John Olav, Odd, Joakim og Rune!)

Regi: Runa Våge Krukhaug

Produsent: Bømlo Teater i samarbeid med Bømlo Kulturhus

Alle foto: Finn Bakke

 

 

 

Topics: scenografi | No Comments »

MOZART

By Janne | December 29, 2012

I haust har eg hatt eit veldig spennande engasjement hos Rogaland teater. Teaterkoncert MOZART erein samproduksjon mellom Betty Nansen Teateret i København, Århus teater og Rogaland teater, og i haust er foretillingen vist i Stavangers nye konserthus. Eg har jobba som kostymeansvarleg under forestillingen. Ein fantastisk jobb! Kostymene er designa av Anja Vang Krag, og ho har gjort ein utruleg jobb!

Nedanfor er nokre linkar som gjev eit inntrykk av konserten, den fyrste er NRK sitt opptak av heile konserten, enn så lenge det ligg ute:

1. akt: http://tv.nrk.no/program/mkmf21000112/teaterkonsert-mozart

2. akt: http://tv.nrk.no/program/mkmf21000212/teaterkonsert-mozart

Topics: Diverse, Kostymedesign | No Comments »

Bekkjarvik Gjestgiveri utstilling

By Janne | August 30, 2012

1. september opnar ei ny utstilling i galleriet til Bekkjarvik Gjestgiveri. Saman med Pippip Ferner og Gro Helen Førland stiller eg ut litt av kunsten min i 3 månadar framover.

Her er nokre av dei nylaga bileta som vert å sjå, og med eitt unntak er alle med motiv frå Austevoll.

Nokre av desse er trykt på lerret, andre på børsta aliminium. Storleikar frå 25 x 50 cm til 50 x 70 cm.

I tillegg er nokre av mine eldre arbeid der, metall-collagar, fiskeskinn smykker og eit par stolar.

Topics: Biletkunst | No Comments »

Viking Prince

By Janne | March 23, 2012

I dag er dagen: Eidesvik sitt nye supply-skip skal døypast!

Eg har laga omtrent halvparten av kunsten ombord. Den andre halv-delen er laga av 6. klasse ved Hasund skule i Ulsteinvik.

Her er ein presentasjon av bileta både mine og deira.

Lat oss starta i messa, det viktigaste rommet ombord 😉 Bilete her er inspirert av namnet på skipet, og av ein lokal historisk anti-helt: Litle Torolv frå Grindheim. Ein ung viking-gut frå Bømlo.

Skipet er for omlag 15 mann, så messa er ikkje så stor. Men bilete er 80 x 300 cm og dekkjer store deler av hovudveggen .

Vegg i vegg med messa ligg to opphaldsrom, her er ein gløtt inn i eit av dei, sett frå messa. Vikinghjelmen er mala av Madeleine i 6. klasse.

I den fyrste stova er det fire bilete:

Sommartrening, 60×90 cm.

Spegl-bilete, 80×80 cm

Sverd i ripa, 70×80 cm

Shetland, 60×90 cm.

Og her ser du bileta i omgjevnadane:

Mellom messa og opphaldsromma er det vindauge som gjer at alle romma verkar både større, lysare og trivelegare. Slik kan ein og sjå frå det eine til det andre rommet.

I det neste opphaldsrommet  finn du

Nattseglarar, 50×90 cm og

Som eit skip om natta, 60×90 cm

Sol, 60 x90 cm, og

Odin i solnedgang, 60×90 cm

Og slik ser det ut på veggane:

Ein etasje lenger ned ligg ein heilt ny type opphaldsrom: Gameroom eller spelerom. Dette er rommet for den yngre garde sjøfolk, og her har ein valgt litt sprekare fargar enn dei vanlege nøytrale. Her er ein knall rød skinnsofa. Og den treng jo eit bilete som står i stil til resten.

Spelet, 60×120 cm (min eigen favoritt ombord)

I konferanse-rommet tre etasjar opp, heng tre viking skjold. Dei er laga av oxydert kopar og messing. Her har eg prega inn ulike mønster i metallet og latt det oxsidera. Sidan er dei ulike laga festa saman, og så hengt opp på veggen. Jammen vart dei tunge! Dei er ca 55x80cm.

Diverre var ikkje lyset komen på plass då eg monterte dei, så ein ser ikkje så godt intesiteten i fargespelet på skjolda.

Men kanskje du ser litt betre når eg forstørrar dei litt opp?

I samme etasje finn du dei tre største lugarane. Fyrst Kapteinen.

Veggpryd, 60×90 cm

Orange lys, 60×90 cm.

På veggen ser det slik ut:

Inne hos chiefen er det andre fargar som dominerer.

Blå, 70×90 cm

T38, 60×90 cm

Her er stova hans:

Den tredje lugaren tilhøyrer stuerten. Han har og fått to bilete. Eit er malt, akryl på tre:

Garmand, 40x40cm

 

Og Hird i Gardariket, 50×75 cm, ein kart-collage.

Dette er brua. Her er det ikkje plass til kunst, men eg ville vise bilete likevel. Eg syns det er så fasnerande å få eit lite innblikk i denne verda som er så ulik frå mi eiga. Her ser alt ryddig og fint ut. Men då eg var ombord for eit par månadar sidan, fekke g sjå det havet av elektriske kablar som ligg under golvet her. Så mykje kunnskap som skal til for å få desse båtane til å gå! Og for ei vanvittig utvikling dei siste hundre åra!

Eg nevnte 6. klasse ved Hasund Skule. Me har samarbeidd om dette oppdraget. Eidesvik hadde plukka ut klassen, og eg har vore på male-besøk hos dei to gongar. Me har jobba med akrylmaling og fargelæra. Og jammen har dei laga nokre flotte verk!

Her er eit foto frå sofakroken i resepsjonen. (Heller ikkje den var heilt ferdig då eg var ombord nokre dagar før dåpen) Desse to bileta er det elevane som har malt. Elevane har verkeleg malt så mykje fint, at eg må nesten ta det med i samme post her.

Snøfall i skog og ein lidanskapeleg viking, klar til kamp.

Dei fleste av dei store bileta deira hang i trappeoppgangen. Eit galleri over seks etasjar!

Her er eit skogbilete i primærfargar.

 

Elevane malte og på lerret. Desse bileta heng rundt i korridorane.

Inga overrasking at emne viking prins er godt synleg kanskje 🙂 Er ikkje desse hjelmane flotte?

Etter å ha sett på dei i fleire veker under innramming, har eg mange favorittar. Denne kunne eg ærleg talt tenkt meg i mi eiga stove!

Fridomen i skaparprosessen deira er misunnelsesverdig.

Det same er fargebruken. Dei visste ikkje så mykje om fargeblanding då eg vitja dei i haust, men sanneleg lærte dei kjapt!

Eg har verkeleg sansen for dei meir abstrakte bileta og.

Den lime-grøne fargen her er ganske fantastisk.

Heilt øverst i trappa heng dette eplet og freistar.

Ein viking prins om hausten.

Og ein skikkeleg hauststorm i skogen.

To mindre bilete heng utanfor konferanse-rommet.

Når du kjem ut av messa for å gå til ein av dei andre etasjane treff dette smilande hjarta deg. Det får iallefall meg til å smila! 😀

Og til slutt: utanfor konferanserommet heng og dette store veggteppe. 180×130 cm bomullslerret der elevane har jobba med ein bleike-teknikk.

Tusen takk for hjelpa med å kunsta, alle i 6. klasse ved Hasund!

Og heilt til slutt, takk til mine to gode hjelparar: min kjære far og snekkerren Adam. 🙂

Topics: Biletkunst | No Comments »

Brage Trader

By Janne | February 28, 2012

Brage Suppliers sitt nye supply-skip heiter Brage Trader. Det er bygd i Cochin, India, og vert døypt i dag! Eg har sendt nedover tre store trekassar med kunst til veggane ombord, forhåpentlegvis fell dei i smak 🙂

Eigaren ville gjerne ha motiv frå det gamle Bergen. Her er bileta frå messa:

“Flat fisk, rund fisk?”, 50 x 70 cm

“You say potaTO – I say po-TA-to” 50×70 cm

“Forget-me-nots and posies, sunflowers and roses” 50 x 70 cm

I eit av opphaldsromma finn du desse avslappa karane i prat på kaien mellom tørka fisk:

“Fishy business” 50 x 70 cm

Dei fine fruene i Strandgaten held dei med selskap.

“A mid-day stroll along the street” 50 x 70 cm

Vdare inn i neste opphaldsrom:

“The fjord-ferry-festival” 50 x 70 cm (eller Fjord-ferje-festival, som sjølvsagt ikkje er noko festival i det heile tatt, men berre eit artig ord-spel)

“Bleketrappen” 50 x 70 cm

Dette er typisk Bergen, bratt og smalt. Original-fotoet er nær 100 år gamalt. Men det er ikkje meir enn ein månad sidan eg gjekk forbi denne plassen i Bergen, og det ser nesten heilt likt ut i dag.

“Wulfsgården” 50 x 70 cm

Barn som leikar i eit av mange smau i Bergen. Du kan så vidt skimte Laksevåg over fjorden i bakgrunnen.

I kapteinens lugar heng :

Sjøhusa ved Nordnes Toldbodkai” 50 x 70 cm

“Gamlekara på kaikanten” 50 x 70 cm

Endå eit typisk Bergensmau har havna inne hos chiefen:

“Bergen smau” 50 x 70 cm

Og til slutt, i gym-rommet:

“Feil dag å kle seg i lilla” 50×140 cm

Desse sporty jentene frå byrjinga av forrige århundre har gjort seg klar til gymnastikktime på Stord Lærarhøgskule. Legg merke til den praktiske klesdrakten! Synd ikkje hadde fått med seg at tirsdag er blå, onsdag er lilla! 😉

Lykke til, Brage Trader, må du segla stolt over alle dei sju hava!

 

 

 

 

 

 

Topics: Biletkunst | No Comments »

Eit annleis familie-portrett

By Janne | February 26, 2012

Ynskjer du eit familieportrett utanom det vanlege?

Grandmapa

Eg lagar personlege familieportrett frå gamle eller nye foto. Ved å bruke eit avansert bildeprogram og fleire ulike teknikkar, blandar eg element frå fotografier, gamle brev og tapetar, maling og kjære, dekorative element frå heimen din, saman til eit heilt personleg bilete.

Alle bileta er heilt unike, det fins ikkje to like. Me kan få bilete til å matche humøret ditt, smaken din, til og med sofaen din 😉 Ein viktig del av skapingsprosessen er dine innspel. Det er tross alt ditt bilete!

Bileta vert trykt på kvalitetslerret hos ekspertar og er lysekte i 90 år. Eg kan og hjelpe til med innramming om det er ynskjeleg.

Storleiken varierar også, om du har lite veggplass, eller ein heil vegg å fylle.

Bileta kostar frå 5000,- Kontakt Janne på janne@spotogspindel.no

11

VaskeVigdis1

Vibeke22

For fleire bilete, sjå her!

Topics: Biletkunst, Diverse | 1 Comment »

Rett Hjem!

By Janne | February 26, 2012

I januar var eg så heldig å ha besøk av Rett Hjem, interiør-magasinet for Hordaland og Rogaland! (Eg lovar, det var rimeleg spennande å få eit interiør-blad til heimen!!!) Eit koseleg besøk som resulterte i Kunstpraten. (Klikk på bilete for større versjon)

Bladet kjem i posten dersom du bur i desse to fylka og mottek uaddressert post. Om du ikkje får det, kan du berre ta kontakt med Rett Hjem, så får du eit blad du og 🙂

Topics: Biletkunst | No Comments »

Kjøpsholmen

By Janne | February 26, 2012

Bømlo Kunstlag er 30 år i år, og det vert feira til gagns! Sidan eg er med i styret, og er engasjert i arbeidet, kjem her ein liten presentasjon av ein av dei mest spennande “utsmykking-oppgåvene” mine i år! 🙂

Topics: Diverse | No Comments »

« Previous Entries Next Entries »