Spelemann på taket
By Janne | March 28, 2011
Endeleg kan eg presentera Spelemann på taket.
For denne produksjonen for Stord vidaregåande skule, musikk-linene, var eg hyrt inn for å lage scenografi, skaffe kostymer og rekvisitta, lage plakat og instruere maskørane.
Hovevekta av arbidet gjekk likevel inn i arbeidet med scenografien, og å male det store bakteppet. Intet mindre enn 70 kvadratmeter er det!!! Landskapet i siluett vart laga etter min model av byggfag på Stord Vdg, og dei gjorde ein kjempejobb! Mellom 2 og 4 meter høg, og 14 meter lang.
Eg jobba tett med lys-designarer for å få eit varmt uttrykk, og eg syns han gjorde ein kjempejobb. Som du ser på bilete nedanfor (på eine glorien), har eg brukt gullfarga blad-metall nokre stadar i bakteppet. Den største og viktigaste delen er sjølvsagt Guds alt-sjåande auga.
Attende til sjølve stykket. Tevje, mjølkemannen, spela av Arne Kvarven. Nett fylt 19, med ei nydeleg barytone-stemme. Eg gler meg til å fylgja karrieren hans, han kjem til å gjera det stort!
Side-teppene er malte, delvis av meg, men mest av elevane sjølve. Eg hadde laga eit stort hebraisk stempel-alfabet, som dei brukte til å trykke teksten på med. 10 tepper á 8 meter. Teksten skal illduere teksten i Toraen, jødanes heilage bok.
Her er Golde, Tevje si kone, spela av Susanne Nesse. Kvaliteten på songen, både blant solistar og kor er gjennomgåande veldig god, ingen som fell igjennom her!
Tevje som fygjer den eine dottera til togstasjonen.
Perchek, spela av Joakim Vikanes, lærer dei unge jentene å ikkje stola på arbeidsgjevarar.
Kostymene er ei blanding av elevane sine eigne fra skuffer, skap og loft, delvis frå Bømlo Teater. Eg designa desse for Les Miserables for nokre år sidan, og det er veldig greit å kunne bruke dei fleire gongar.
Ein av mine favorittar i forestillinga, skreddaren Motel Kamzeu. Han er som ein ivrig hunde-valp, og eg må berre smila av spelet hans.
Ingen musikal utan dans, vakre kvinner, og høgrøsta menn , sant?
Russerane dansar i baren. Skjortene deira er nylaga for produksjonen. Eg klyppte dei, og dei sydde dei sjølv.
Eit anna kostyme laga nytt, var denne lange nattkjolen til Frauma Sara i mareritt-scena.
Den vennlege politimannen med dei tvilsame komplimenta.
Tevje forlet Anatevjka med sine siste eigendeler. Det einaste som er igjen er huset og spelemannen på taket…
Anmelding i Bladet Sunnhordland.
Nokre detalj-bilete av bakteppet, tatt av Olav Bjørkum:
Topics: Kostymedesign, scenografi | No Comments »
Skandi Hercules
By Janne | November 19, 2010
Nok eit nytt skip for DOF. Denne båten heiter Skandi Hercules, og gresk mytologi har prega utsmykkinga ombord.
I messa:
Slik ser dei ut på veggane:
I opphaldrommet fortset det greske tema:
På veggen, med vindauge inn til messa:
I røykerommet går fargane i blått:
Eit par etasjar opp finn du Kapteinens stove. Her er bileta i dette rommet:
Og på veggane:
Over brua, er det mest eksklusive opphaldrommet av dei alle: Sky-loungen (eller himmel-stova som det ville vore direkte oversatt 🙂 Her har eg laga eit stor korintisk ornament:
Eit par bilete til Kapteinen og Chiefen:
Og her er eit bilete av dåpe-skipet på sjølve dåpsdagen, 11. november 2010. Ein nydeleg solrik dag i Molde.
Topics: Biletkunst | No Comments »
Aker Wayfarer
By Janne | October 2, 2010
Aker Solutions store nye skip er døpt idag! “Aker Wayfere” er namnet, og jammen er ho flott!11 etasjar og med overnattingsplass til 140.
Det er mitt fyrste utsmykkingsoppdrag for Aker, og eg håpar dei er fornøgde.
Om du vil, kan eg ta deg med på ein aldri så liten omvisning ombord.
Me byrjar i messa. “Den internasjonale engelske seiljolle regattaen” er eit 6 meter langt bilete som fyller nesten heile den eine veggen og måtte monterast ombord.
På ein annan vegg finn du “Rundt Isle of Wight”. Dette bilete er malt. Akryl på tre.
Me går vidare til ein av loungane, der den engelske seil-jolla fortsatt er i fokus. Alle desse seil-jolle-bileta er malte i akryl, dei fleste på tre.
Om me går vidare, finn me biblioteket vegg-i-vegg. Her er det ein serie med bilete frå Aker sitt eige bilet-arkiv. Oppdragsgjevar ville gjerne ha litt av historien til Aker med ombord, og eg syns det var stas å jobbe med desse bileta. Ofte når ein ser gamle svart-kvite foto, ser folk så alvorlege ut, og ein føler ikkje noko slektskap med dei i det heile tatt. Eg ville difor frista å personleggjera dei gamle fotografiene, ved å tilføre litt farge, spesielt på folka. For å gjera dei til individ, meir enn berre “ein gjeng gamle folk”.
I biblioteket ser ein bilete av dåpen på Fernglen.
Runden i biblioteket sluttar med eit av mine favorittar: “Ingeniørane”! Desse karane teikna skipa og alt det intrikate utstyret ombord. Bakerst kan ein skimte sjefen inne på kontoret sitt.
Her er røyke-loungen:
Den tredje loungen er ei hyllest til “gutta på gølvet”.
Her er kapteinen´s lounge.
Folka i bakgrunnen her er eit Aker Mek. arbeidslag fra rundt hundre år sidan.
Aker Wayfarer er jo ein arbeidsbåt, så me kan ikkje berre slappe av i opphaldsromma. Så då går me vidare til konferanse-romma. Det største har kunst som er litt annleis enn resten av bileta ombord. Eg kallar det “kontainer-kunst”, og syns det kunne passa med litt sterke fargar her.
I det andre konferanse-rommet , er det eit rolegare maleri: “Segl med meg!” er 120×80 cm. Du kan sjå prosessen her og her.
Etter all den jobbinga, kan me kanskje bevege oss mot innkvarteringa. Her er kapteinen´s lugar (som lignar mest på ein suite, spør du meg!)
Her er eit bilete av Oslo, med Aker brygge og Rådhuset i bakfrunnen.
Her er Chiefen´s lugar:
Me går raskt vidare til klient-lugarane:
Me hengde og opp bilete i trappe-satsane. Her er dei:
Og dermed har vore rundt i heile båten. I allefall den delen som er utsmykka av mine bilete 🙂 Måtte ho segla med ein god vind i ryggen over alle dei sju hav!
___________________________________________________
Nok ein gong har min kjære far hjulpe meg å montera bileta, og halde meg med selskap på turen.
All gamle foto som ser ut som dei kjem frå fabrikkar, er frå Aker´s biletarkiv. Seil-jolle fotoene i regatta-bilete er brukt med lov frå UKWayfarer Assosiation. Alle andre foto er frå mitt eige arkiv.
Topics: Biletkunst | 1 Comment »
Skandi Skolten
By Janne | August 18, 2010
Nok ein flott DOF båt, bygd på Aukra Verft. Dåpen var i Bergen, ved Skoltegrunnskaien, kaien båten er kalla opp etter.
Her er bileta eg lagde til denne båten. Fyrst, opphaldsrommet:
Eit bilete av Amerika-båten som ligg ved Skoltegrunnskaien og er klar til avgong.
Ombordstigningskø
og slik ser bileta ut på veggane ombord:
Bileta til messa:
Her er Skoltegrunnskaien i 1926, då Polar-helten Amundsen vitja Bergen.
Fisketorget på slutten av 1800-talet.
Tre menn som pakkar fisk, truleg sild.
Haakonshallen sett frå Rosenkrantztårnet, med Skoltegrunnskaien i bakgrunnen.
Og på messe-veggane:
Det er to bilete i røyke-rommet:
Ein av mine favorittar er dette portrettet av ein liten gut i 1911.
Ein fiskar som reparerar garn og kona hans.
Er det ikkje rart, eg syns han ser ut som ein heilt vanleg fyr som kunne jobba ombord i denne båten!
For Kapteinens finstove (eller opphaldsrommet oppe) heng desse bileta, med titlar inspirert av ein god, gammal Bergens-patriotisk song:
Eg ve te Berge, ve te Bergen med det samme!
Der har eg det som fisken i vannet…
Vått og kaldt og breiflabb overalt!
og på veggane ser det slik ut:
Og medan me snakkar om Kapteinen, her er lugaren hans:
Statsraad Lemkuhl, eit av Norges flottaste seglskip. (Som Kapteinen hadde jobba som los for i tre veker, og derfor valgte han akkurat dette bilete)
Chiefens bilete, Skoltegrunnskaien sett frå Nordnes.
Chiefen på lugar-kontoret sitt.
Her er konferanse-rommet:
Bileta har brodert tekst, del av ei ode til vest-kysten eg skreiv for nokre år sidan.
Where the beaten and battered driftwood turns into saalty silver treasures
– on these shores my memory gathers pleasures
Where the entangled light of dawn belong
– this is where my faith grew strong
Where the ancient slopes of naked rock patiently listens to the seagulls wailing
– this is where my soul is sailing
Where the bare rock-faces whisper secrets in your ear
– this is where the dusks are crisp and clear.
Øverst oppe er sky-loungen. Her er det fridomens fuglar som fyk bortetterden eine veggen:
Og til slutt to bilete i ein av trappesatsane:
Her sett med dagens handy-man: Per!
Dei originale sepia-farga fotoene fra Skoltegrunnskaien er frå Billedsamlinga ved Universitetet i Bergen, som gav meg lov til å arbeide med dei. Foto av O. Schumann-Olsen, K. Knutsen og Ralph Wilson, samt nokre ukjente fotografar. Alle andre foto, bilete og design er av Spindelmaker.
Topics: Biletkunst | No Comments »
Skandi Vega
By Janne | March 18, 2010
DOFs siste supply skip heiter Skandi Vega, og nok ein gong har eg vore så heldig å få utsmykke båten deira. Kvar gong eg kjem ombord i ein av desse nybygde båtane, blir eg alltid slått av kor storslåtte og flotte dei er!
Eg ser på det som min jobb å prøva å gjera mitt for å gjera båten til ein heim-vekke-frå-heimen for dei som arbeider ombord. Eg vil gjerne gjere det heimkosleg, slik at dei som arbeider ombord skal trivast.
Dåpen på Skandi Vega er i dag, men båten var fortsatt ikkje heilt ferdig når eg var ombord i går for å montere bileta. Det vil derfor ikkje vera alle fotografiene her som er heilt optimale av den grunn.
Her er bileta som er i messa, alle 60×90 cm med mindre det står noko anna spesifisert.
Ja, bortsett fra denne som er 60×80 cm.
Rett ved sida av messa er opphaldsrommet, eller loungen. Her er bileta som heng der. I dei små fotografia som er her på nettsida er det mange detaljar i bileta som forsvinn. Ofte er det heile små historiar inne i eit bilete.
Rett over gangen er røykerommet:
Dette er eit bilete av Haakonshallen i Bergen, bygd på 1200-talet om eg ikkje huskar feil.
Så flyttar me oss oppover til D-dekket. Her er konferanse-rommet:
“Den velkjente løyndomen bak den stengte døra” er  80×100 cm.
I samband med konferanserommet. ligg ei stove, med masse lys som kjem inn frå store vindauge.
Her er bilete somheng i lugaren til Kapteinen. Og min kjære pappa som alltid er hjelpsom i arbeidet med å få bileta montert ombord.
Den gamle båtmakarenpå bilete traff eg på Austevoll for nokre år sidan. Han hadde bygd trebåtar heile livet.
Her er Chiefen sitt bilete:
Over brua, ligg sky-loungen. Eit flott rom, med store vindauge, mykje lys og luft, og ein utsikt verdt millionar….
Dette båthuset er frå Austevoll:
40×120 cm
Topics: Biletkunst | 2 Comments »
Kafe Frugård
By Janne | February 15, 2010
I februar malte eg bilete til Kafe Frugård i Leirvik, Stord. Kafeen har lange tradisjonar, men er nyleg blitt pussa opp. I den samanheng ville eigaren ha nokre bilete spesielt laga til kafeen. Valet falt på lokale fotografi frå 60-talet, eit av dei av eigaren sjølv som relativt ny i livet.
Den nyoppussa Frugård.
Og her er bileta mine.
Her er eit nærbilete, som viser litt fleire detaljar.
Om du vil sjå bilete av maleprosessen, sjå spindelmaker i februar-arkivet.
Topics: Biletkunst, Diverse | No Comments »
Skandi Aker
By Janne | January 8, 2010
Dof´s nyaste stolthet, Skandi Aker, er endå eit multifunksjons skip, og søster-skipet til Skandi Acergy og Skandi Arctic.
Nok ein gong er eg den heldige som har fått lov å utsmykke DOF´s flotte skip. Her er ein presentasjon av utsmykkinga, og nokre av tankane bak den.
I messa har eg laga tre Kjærleiks-skjold. Eller livs-skjold. Inspirert av afrikanske stammers krigs-skjold, men med motsatt intensjon. Dei er laga for å beskytta eigaren med fred, gjennom å læra, å leva og å elska.
Ein del av det å leva er å vera open for det som livet gir deg. Ei livslang læringsprosess gjennom å bruka sansane dine og tanken din.
Livet er vårt felles unike eventyr. Så vidt me veit, lever me berre ein gong, så me kan velga å gjera mest mogleg ut av det me har. Og då tenker eg ikkje på å klatre Himalaya, men å vera vaken og aktivt tilstades i eins eige liv, og å skapa eigen sjebne.
Kjærleik er det enklast og det vanskelegaste. Det mest vedunderlege av alle primær-behov.
Alle skjolda er laga av oksydert kopar og messing.
_____________________________________________
I samme etasje er det fire opphaldsrom, inkludert eit bibliotek. Favoritt-sitatet mitt av Shakespear er no for alltid etsa  i kopar og messing:
For et mesterverk mennesket er! Så opphøyet i sin fornuft! Så ubegrenset i sine evner! Så utrykksfullt og beundringsverdig i skikkelse og bevegelse! Så lik en engel i handling! Så lik en gud i tankekraft! Verdens pryd! All skapnings forbilde!
Eitt anna emne eg har jobba med ombord i denne båten er lys.
I desse to fyrste bileta, har eg jobba med fyrlykter, og kor viktig insats dei har gjort for å halda sjøfolk trygge. Sjølv i dag, når skipsfarten er modernisert og elektronifisert, kan ein setja pris på viktigheten av desse husa.
Både fyrtårn-bileta over og det nedanfor er foto-collagar. Ser du familie-portrettet i det øverste? I tenker at det er ein fyr-vokter familie. Originalen er to meter lang, så det er mange detaljar her, som du ikkje kan sjå i denne vesle varianten.
Del av biblioteket. Stolane er fortsatt ikkje komen på plass.
Bilete nedanfor har og eit fyr-tårn emne, og det heng på det minste av konferanse-romma.
Bilete nedanfor er fra det andre, og større konferanse-rommet. Eg hadde to foto-collagar til dette rommet, begge i ein nostalgisk kyst-kultur stemning.
I røyke rommet, finn du bilete: “Quo Vadis?”
Og du kan danse med vinden som ein derwish.
Eller du kan simpelthen lengta etter sommaren…
Her er bilete fra dei andre opphaldsromma:
(Dei ser så forskjellige ut i dagslys og kveldslys, det er derfor eg viser begge variantar)
På den vesle lappen står det med lita skrift:
For mykje av det gode, kan vera bra!
Sommarleg og lett som ei fjør.
Fire etasjar opp er Kapteinens lounge, her er bileta som er der:
Alle desse turkise bileta er akryl malt lag-på-lag på akvarell-papir, i collage med diverse funne objekt. Nokre av orda er oksydert i kopar eller messing.
Her er bileta i Kapteinens lugar:
Han blir oppfordra til å “synge ut”. Men det er kanskje ikkje nødvendig?
Chiefen har bilete fra Kina.
Og til slutt eit av bileta fra ein av klient-lugarane. Dette har motiv fra India:
Topics: Biletkunst | No Comments »
Jul i Rosendal
By Janne | November 25, 2009
Eg og kollegaen min, Tanja Huglen, deltek på den nylaga, gode, gamaldagse julemarknaden i Rosendal denne helga. Så om du ikkje veit kvar du skal få fatt i dei kulaste juegåvene i år, ta deg ein tur!
Topics: Diverse | 1 Comment »
Skandi Santos
By Janne | November 22, 2009
DOF´s nye multi-purpose skip vart døypt i går ved Aukra STX EuropeAS. Her er nokre av bileta ombord.
Desse første er frå hoved-opphaldsrommet. Båten skal jobbe langs kysten utanfor Brasil, og det har inspirert meg både tematisk og fargemessig til å tenke grønt! Inspirert av Amasonas og alt livet der, har eg jobba med nye teknikkar. Kombinasjon av broderi og papir, og å male på sparkel, for å nemna noko.
Trees are the earth’s endless effort to speak to the listening heaven.
 RABINDRANATH TAGOREÂ
There is a pleasure in the pathless woods,
There is a rapture on the lonely shore,
There is society, where none intrudes,
By the deep sea, and music in its roar:
I love not man the less, but Nature more.
~George Gordon, Lord Byron
Deler av opphaldsrommet, med sikt inn til røykerommet gjennom vindauga.
Dese gamle fiskebåtane fant eg ved vestkysten av Danmark.
Og her er messa:
Alle fuglane  på bileta er maskin-broderte . Bakgrunnen er akryl-malt akvarell-papir.
Her er bilete i konferanse rommet:
Never doubt that a small group of thoughtful committed citizens can change the world. Indeed it´s the only thing that ever has.Â
Margareth Mead
Og her bileta som heng i trappesatsane:
Dette bilete betyr mykje for meg. Karoline, Axel si dotter, tok dette bilete då ho var på ferie i Venezia som 14-åring. Dei åt på ein fortausrestaurant, og ho såg refleksjonen av trea rundt di i eddik-dråpen i olja som følgde med brødet. Ho fotograferte det, og eg har jobba vidare med bilete i Photoshop, justerte fargane og føydde til teksten. Som er eit utdrag av høvding Seattle´s kjende tale.Â
To see a world in a grain of sand,Â
And a heaven in a wild flower,
Hold infinity in the palm of your hand,Â
An eternity in an hour.
WILLIAM BLAKE
Nature is man’s teacher. She unfolds her treasures to his search, unseals his eye, illumes his mind, and purifies his heart; an influence breathes from all the sights and sounds of her existence.Â
~Alfred Billings StreetÂ
Her er bilete frå nokre av kugarane:
Dør fisk – dør fugl – dør furu – dør folk   Nordahl Grieg
The future belongs to those who give the next generation hope.
PIERRE TEILHARD DE CHARDIN
Her er bilete frå lugaren til Kapteinen. Han er frå Bømlo, som meg, og eg tenkte det kunne passe med nokre “heimslege” bilete til han. Motiva er frå vest i øyane utanfor Goddo og Brandasund.
CLEAR VISION
A prisoner of your own sorrow,Â
captivated by fear,Â
your soul is beautiful,
don´t pollute it with fear.
trust me, you deserve love.Â
Break the compromising pact
your soul swore the day your heart was betrayed.
Accept forgiveness,
it was meant for you,
and free your heart of hearts.
Let go of anger
sweep sorrow out the door,
breathe freely
and be strenghtened
by the salty sea-air.
The wisdom lies in your heart, just remember it.
True appiness will come your way,
pure love will spring to life,
all the gifts of life will trifold..
And you shall once againÂ
be all that you were meant to be.
                Janne Robberstad
PERSPECTIVE
The ocean awakes me
listen to the color of your dream
the sea takes me
to an unexpected clearview
I am shown
the complex simplicity of love
               Janne Robberstad
____________________________________________________
Ein av dei tinga som gjer denne båten ekstra spesiell, er at det er ein sky-lounge øverst, over styrhusset. For ein utsikt!Â
Eg hadde lyst å prøva noko litt annleis til dette rommet, og laga eit stort relieff på 200x 235 cm. Overflata er eit bearbeidd foto av regnskogen i Guatemala (der eg var for nokre år sidan), som er trykt på ei 1 cm tjukk plast-plate, som så er skoren ut i eit “jungel-mønster” eg hadde laga til.Â
Desverre er ikkje bileta her så fine, så det kjem eigentleg ikkje fram kor bra det faktisk såg ut i røynda. Det var rett og slett kult!
Topics: Diverse | 1 Comment »
Eidesvik resepsjon
By Janne | November 13, 2009
Topics: Diverse | No Comments »