« Bømmelfjord | Home | Optiship resepsjon »
Perpleks
By Janne | January 24, 2014
(foto: Stig Håvard Dirdal)
Perpleks hadde premiere fredag kveld. Det er eit finurleg stykke som er vanskeleg å plassera i bås.
Skriven av Marius von Mayenburg og oversatt av Thomas Bjørnager
Regi: Glenn André Kaada
Scenograf og komponist: Arne Nøst
Kostyme-design: Janne Robberstad
“Ragnhild”: Ragnhild Arnestad Mønness
“Øystein”: Øystein Martinsen
“Svein”: Svein Solenes
Karakterane i stykket endrer forhold til kvarandre kontinuerleg, men ein legg ikkje merke til det før det har gått ei stund, og det er litt forvirrande.
Dette er sjølvsagt gjort med vilje av forfattaren, for å forvirre publikum. Det er ein del av tanken med temaet for forestillinga.
Skuespelarane starter i vanlege klær, som vanlege folk.
Svein ofte utan klær i set heile tatt, får brilliante idear i dusjen.
Øystein, her som 8-åring som ikkje fekk nytt belt i judo.
Nokre spøkelse finn ein i skapa i sommarhus…
Det er og eit karnival midt i stykket, med temaet Nordiske Netter.
Øystein som alpinist.
Ragnhild som valkyre!
Svein som elg. Og Ingrid som…
“Hodet mitt eksploderer i en sky av aske! Her renner det magma fra jordens indre i strie strømmer! Jeg er en vulkan! Snæfadlsjøkul på Island!”
Kva skjer mellon alpinisten og elven bak sofaen?
Jaja, det dempar iallefall stemninga på festen betrakteleg…
Ingrid har alltid trudd at det er nokon der ute som høyrer på ho.
Nietsche kjem på besøk, scenearbeidarane byrjar nedrigg, regisøren er gått, inspisienten tar mat pause.
Dette er ein forestilling til ettertanke, og har du sjangs, bør du absolutt sjå det! Regisøren og skuespelarane har laga ein fantastisk forestilling! Og eg er så stolt av å vera med på å laga akkurat denne forestillingen!!
Topics: Kostymedesign | 1 Comment »
May 31st, 2016 at 20:49
Er det mulig å låne elgkostyme til en forestilling om dyrene i skogen nå i juni 2016