Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Spelemann på taket

By Janne | March 28, 2011

Endeleg kan eg presentera Spelemann på taket.

For denne produksjonen for Stord vidaregåande skule, musikk-linene,  var eg hyrt inn for å lage scenografi, skaffe kostymer og rekvisitta, lage plakat og instruere maskørane.

Hovevekta av arbidet gjekk likevel inn i arbeidet med scenografien, og å male det store bakteppet. Intet mindre enn 70 kvadratmeter er det!!! Landskapet i siluett vart laga etter min model av byggfag på Stord Vdg, og dei gjorde ein kjempejobb! Mellom 2 og 4 meter høg, og 14 meter lang.

Eg jobba tett med lys-designarer for å få eit varmt uttrykk, og eg syns han gjorde ein kjempejobb. Som du ser på bilete nedanfor (på eine glorien), har eg brukt gullfarga blad-metall nokre stadar i bakteppet. Den største og viktigaste delen er sjølvsagt Guds alt-sjåande auga.

Attende til sjølve stykket. Tevje, mjølkemannen, spela av Arne Kvarven. Nett fylt 19, med ei nydeleg barytone-stemme. Eg gler meg til å fylgja karrieren hans, han kjem til å gjera det stort!

Side-teppene er malte, delvis av meg, men mest av elevane sjølve. Eg hadde laga eit stort hebraisk stempel-alfabet, som dei brukte til å trykke teksten på med. 10 tepper á 8 meter. Teksten skal illduere teksten i Toraen, jødanes heilage bok.

Her er Golde, Tevje si kone, spela av Susanne Nesse. Kvaliteten på songen, både blant solistar og kor er gjennomgåande veldig god, ingen som fell igjennom her!

Tevje som fygjer den eine dottera til togstasjonen.

Perchek, spela av Joakim Vikanes, lærer dei unge jentene å ikkje stola på arbeidsgjevarar.

Kostymene er ei blanding av elevane sine eigne fra skuffer, skap og loft, delvis frå Bømlo Teater. Eg designa desse for Les Miserables for nokre år sidan, og det er veldig greit å kunne bruke dei fleire gongar.

Ein av mine favorittar i forestillinga, skreddaren Motel Kamzeu. Han er som ein ivrig hunde-valp, og eg må berre smila av spelet hans.

Ingen musikal utan dans, vakre kvinner, og høgrøsta menn , sant?

Russerane dansar i baren. Skjortene deira er nylaga for produksjonen. Eg klyppte dei, og dei sydde dei sjølv.

Eit anna kostyme laga  nytt, var denne lange nattkjolen til Frauma Sara i mareritt-scena.

Den vennlege politimannen med dei tvilsame komplimenta.

Tevje forlet Anatevjka med sine siste eigendeler. Det einaste som er igjen er huset og spelemannen på taket…

Anmelding i Bladet Sunnhordland.

Nokre detalj-bilete av bakteppet, tatt av Olav Bjørkum:


 

 

 

Topics: Kostymedesign, scenografi | No Comments »

Comments