Janne Robberstad

Janne Robberstad jobbar fulltid freelance som kunstnar og teater-designer i eige firma Spøt & Spindel. Nedanfor er ein link til bloggen min, for inspirasjon.











Blogroll

Search




Hit Counter
Hit Counters



« | Home | »

Viking Prince

By Janne | March 23, 2012

I dag er dagen: Eidesvik sitt nye supply-skip skal døypast!

Eg har laga omtrent halvparten av kunsten ombord. Den andre halv-delen er laga av 6. klasse ved Hasund skule i Ulsteinvik.

Her er ein presentasjon av bileta både mine og deira.

Lat oss starta i messa, det viktigaste rommet ombord 😉 Bilete her er inspirert av namnet på skipet, og av ein lokal historisk anti-helt: Litle Torolv frå Grindheim. Ein ung viking-gut frå Bømlo.

Skipet er for omlag 15 mann, så messa er ikkje så stor. Men bilete er 80 x 300 cm og dekkjer store deler av hovudveggen .

Vegg i vegg med messa ligg to opphaldsrom, her er ein gløtt inn i eit av dei, sett frå messa. Vikinghjelmen er mala av Madeleine i 6. klasse.

I den fyrste stova er det fire bilete:

Sommartrening, 60×90 cm.

Spegl-bilete, 80×80 cm

Sverd i ripa, 70×80 cm

Shetland, 60×90 cm.

Og her ser du bileta i omgjevnadane:

Mellom messa og opphaldsromma er det vindauge som gjer at alle romma verkar både større, lysare og trivelegare. Slik kan ein og sjå frå det eine til det andre rommet.

I det neste opphaldsrommet  finn du

Nattseglarar, 50×90 cm og

Som eit skip om natta, 60×90 cm

Sol, 60 x90 cm, og

Odin i solnedgang, 60×90 cm

Og slik ser det ut på veggane:

Ein etasje lenger ned ligg ein heilt ny type opphaldsrom: Gameroom eller spelerom. Dette er rommet for den yngre garde sjøfolk, og her har ein valgt litt sprekare fargar enn dei vanlege nøytrale. Her er ein knall rød skinnsofa. Og den treng jo eit bilete som står i stil til resten.

Spelet, 60×120 cm (min eigen favoritt ombord)

I konferanse-rommet tre etasjar opp, heng tre viking skjold. Dei er laga av oxydert kopar og messing. Her har eg prega inn ulike mønster i metallet og latt det oxsidera. Sidan er dei ulike laga festa saman, og så hengt opp på veggen. Jammen vart dei tunge! Dei er ca 55x80cm.

Diverre var ikkje lyset komen på plass då eg monterte dei, så ein ser ikkje så godt intesiteten i fargespelet på skjolda.

Men kanskje du ser litt betre når eg forstørrar dei litt opp?

I samme etasje finn du dei tre største lugarane. Fyrst Kapteinen.

Veggpryd, 60×90 cm

Orange lys, 60×90 cm.

På veggen ser det slik ut:

Inne hos chiefen er det andre fargar som dominerer.

Blå, 70×90 cm

T38, 60×90 cm

Her er stova hans:

Den tredje lugaren tilhøyrer stuerten. Han har og fått to bilete. Eit er malt, akryl på tre:

Garmand, 40x40cm

 

Og Hird i Gardariket, 50×75 cm, ein kart-collage.

Dette er brua. Her er det ikkje plass til kunst, men eg ville vise bilete likevel. Eg syns det er så fasnerande å få eit lite innblikk i denne verda som er så ulik frå mi eiga. Her ser alt ryddig og fint ut. Men då eg var ombord for eit par månadar sidan, fekke g sjå det havet av elektriske kablar som ligg under golvet her. Så mykje kunnskap som skal til for å få desse båtane til å gå! Og for ei vanvittig utvikling dei siste hundre åra!

Eg nevnte 6. klasse ved Hasund Skule. Me har samarbeidd om dette oppdraget. Eidesvik hadde plukka ut klassen, og eg har vore på male-besøk hos dei to gongar. Me har jobba med akrylmaling og fargelæra. Og jammen har dei laga nokre flotte verk!

Her er eit foto frå sofakroken i resepsjonen. (Heller ikkje den var heilt ferdig då eg var ombord nokre dagar før dåpen) Desse to bileta er det elevane som har malt. Elevane har verkeleg malt så mykje fint, at eg må nesten ta det med i samme post her.

Snøfall i skog og ein lidanskapeleg viking, klar til kamp.

Dei fleste av dei store bileta deira hang i trappeoppgangen. Eit galleri over seks etasjar!

Her er eit skogbilete i primærfargar.

 

Elevane malte og på lerret. Desse bileta heng rundt i korridorane.

Inga overrasking at emne viking prins er godt synleg kanskje 🙂 Er ikkje desse hjelmane flotte?

Etter å ha sett på dei i fleire veker under innramming, har eg mange favorittar. Denne kunne eg ærleg talt tenkt meg i mi eiga stove!

Fridomen i skaparprosessen deira er misunnelsesverdig.

Det same er fargebruken. Dei visste ikkje så mykje om fargeblanding då eg vitja dei i haust, men sanneleg lærte dei kjapt!

Eg har verkeleg sansen for dei meir abstrakte bileta og.

Den lime-grøne fargen her er ganske fantastisk.

Heilt øverst i trappa heng dette eplet og freistar.

Ein viking prins om hausten.

Og ein skikkeleg hauststorm i skogen.

To mindre bilete heng utanfor konferanse-rommet.

Når du kjem ut av messa for å gå til ein av dei andre etasjane treff dette smilande hjarta deg. Det får iallefall meg til å smila! 😀

Og til slutt: utanfor konferanserommet heng og dette store veggteppe. 180×130 cm bomullslerret der elevane har jobba med ein bleike-teknikk.

Tusen takk for hjelpa med å kunsta, alle i 6. klasse ved Hasund!

Og heilt til slutt, takk til mine to gode hjelparar: min kjære far og snekkerren Adam. 🙂

Topics: Biletkunst | No Comments »

Comments